Lars Inge Harang tok på seg jobben med å måle klokketårnet, sjå video av Inge Solheim lenger ned i saka.

Lars Inge fekk toppjobb i Mo

I fjor vart Mo kyrkje restaurert utvendig på grunn av råteskadar. Nytt treverk vart måla og difor må heile kyrkja få eit nytt målingsstøk i år. Klokketårnet må også bli måla, og det er ikkje så lett.

Publisert

– Tårnet er så høgt at ein ikkje når det med liften, seier Inge Solheim i Mo sokneråd. Klivarlaget vart bruka sist tårnet vart måla, men no var det berre Lars Inge Harang i laget som tok på seg jobben.

Festene som var der sist vart fjerna da det kom nytt tårn. I tillegg er sjølve klokkerommet litt trongt, noko som førte til at Lars Inge fekk nokre utfordringar med å feste tryggingsutstyret, men han fekk det til.

– Mokyrkja var opphavleg raud, men var kvitmåla ein periode, fortel Inge. Kor lenge veit eg ikkje heilt sikkert, men i 1938 fekk den tilbake raudfargen.

Tove Mogstad målar både seg sjølv og kyrkja. Her saman med Tone Nes Fiske og Jarle Fiske.

Det har vore dugnadsarbeid ved Mo kyrkje i fleire dagar denne veka.

– Det er Kyrkjeleg Fellesråd, som juridisk eining på vegne av kommunen, som har den økonomiske forvaltinga, fortel Inge, men det er soknet som eig kyrkja. Kyrkja betyr mykje for "soknebarna" i Øvre Surnadal, seier han. Det er fint for oss å sjå at ho blir nymåla og fin.

.

Powered by Labrador CMS