LESERINNLEGG:

Portrettfoto av ei smilande dame.
Jenny Klinge

Pride – frivillig eller tvang?

Det er problematisk med tanke på meinings- og ytringsfriheita vår når det breier seg ein moralsk tvang til å markere Pride. Bruk av regnbogeflagget i alle moglege samanhengar fungerer dessutan meir ekskluderande enn inkluderande og stikk imot verdiar som nettopp toleranse og mangfald.

Det var klokt og inkluderande av kommunedirektøren i sunnmørskommunen Ålesund å bestemme at Pride-flagget ikkje skal veive på skulane der. Dessverre har ikkje storparten som varmhjarta støttar Pride sett seg inn i kva ideologi som ligg bak. Somme av desse er i harnisk mot kommunen no.

Å ytre seg kritisk mot Pride er no den sikraste måten å få buing og fordømmande peikefingrar retta mot seg. Paradoksalt nok frå folk som har oppnemnt seg sjølve til dei aller mest tolerante. Det utviklar seg såleis ein aukande intoleranse mot andre i toleransens namn.

Eg veit at dei fleste som markerer Pride har gode intensjonar og gode haldningar. Eg unner desse å få feire sjølv om eg har kritiske innvendingar til ideologien bak. Problemet er at stadig fleire stemplar alle oss som ikkje vil vifte med Pride-flagget som intolerante, hatefulle homohatarar. Dette er skummelt polariserande. I tillegg til heilt feil.

Toleransekampen tapar i lengda stort på at tolerante, greie menneske blir skuva inn i ein slags offentleg skammekrok. Derfor er det viktig å ta til motmæle og understreke at det er fullt mogleg å vera for mangfald utan å vera for paradetvang.

Sjølv har eg vore homovenleg sidan tidleg ungdom. Etter kvart som spørsmålet om kjønn kom meir opp, har eg alltid vore tydeleg på at folk sjølvsagt må føle seg som det dei vil. Det er berre eit problem her; at eg held meg til fakta om kjønn. Heilt korrekte opplysningar om at vi menneske har berre to kjønn og ikkje kan skifte kjønn, har ført til at eg har vorte stempla som dei verste ting. Fascist toppar lista over skjellsord eg har fått mot meg.

Ei av årsakene til at størstedelen av samfunnet vårt må forhalde seg rasjonelt og faktabasert til kjønn, er at ungar og ungdom fortener å bli realitetsorienterte. Skuleelevar fortener å få vita at ingen kan vera fødde i «feil kjønn» eller «feil kropp», slik Pride-ideologien dessverre vil ha dei til å tru.

Ingen ungar er ei feilvare. Vi må tilbakevise påstandar om at dei kan «bli seg sjølve» berre dersom dei får nok hormonbehandlingar og opererer vekk kjønnsorgana sine.

Den oppveksande slekt fortener modne, kloke og kunnskapsrike vaksne. Ikkje vaksne som fordømmer og stemplar andre dersom desse ikkje vil forvrenge fakta om kjønn eller vifte med eit bestemt flagg. Ungar i heile landet burde dessutan sleppe å bli tatt til inntekt for svært kontroversielle politiske føremål, som skulemarkeringar av Pride i praksis inneber.

Ålesund kommune har fått så mykje intolerant hets no at eg lurer på kor lenge dei og andre kommunar rundt om klarer å stå i det. Det er ikkje rett at ei avgjerd basert på respekt for mangfaldet skal bli sett på som ei krigserklæring mot det same mangfaldet.

Pride bør vera frivillig og ikkje utvikle seg vidare etter prinsippet om at «anten er du med oss, eller så er du mot oss». Det er mange fine måtar å vera snill og tolerant på, som ikkje inneber å måtte markere på ein bestemt måte med utgangspunkt i ein bestemt ideologi.

 

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Powered by Labrador CMS