LESERINNLEGG:

Einy Rendal Elgsæther

Påske utan gudstenester

Driva bruker ei side av fredagsavisa til å setja fokus på gudstenestefri påske i distriktet, at nasjonale smitteverntiltak får konsekvensar for kyrkjelivet, at det faktisk er eit problem og eit stort sakn for nokon. Takk for det!

Publisert

Elles er media, både aviser, fjernsyn og radio mest opptekne av problema omkring skjenkestopp, stenging eller sterke reguleringar av treningssenter, svømmehallar, sportsarenaer, kjøpesenter, restaurantar, kino, teater og konsertar, bibliotek, kulturskule og ungdomssenter. (Ein skulle kanskje tru at fellesskapet i familien og med vener var eit vel så viktig sakn).

Men alt dette utan å nemna kyrkja og gudstenestene. Det har sjeldan vore nemnd som noko problem. Ikkje ein gong i statsministerens koronatale.

Kyrkja har heile tida vore lojal og fylgd smittereglane, også etter det utrulege vedtaket om fastmonterte seter, som gav kyrkja mykje mindre fridom enn andre arenaer. Biskopane har kanskje vore for «flinke» når dei og Kyrkjerådet no stengde ned kyrkjene i heile landet, sjølv om smitteregelen gav høve til å samla tjue stykker, der det var plass med pålagt avstand. Ein skulle tru det var plass nok til å gjennomføra trygge gudstenester både i Stangvik, Ranes og Rindal, i alle fall med tjue deltakarar.

Operaen i Kristiansund gjennomførte fleire framføringar no nettopp med tjue tilskodarar på kvar.

Og vi er no midt inne i den største kristne høgtid, med nedstengde kyrkjelege aktivitetar. Ære vere dei som lagar digitale gudstenester, både i NRK og lokalt, men det kan aldri erstatta samlingar i Guds hus, også med nattverd, for oss som trur på den kristne påskebodskapen.

Hadde det ikkje vore for påskeevangeliet og feiringa av Kristi oppstode i to tusen år, så hadde vi ikkje hatt påskeferie med alt som er så viktig.

Powered by Labrador CMS