LESERINNLEGG:

Johannes J. Vaag.
Johannes J. Vaag.

Behovet for sjukeheimsplassar skal no vurderast og utgreiast i Surnadal

Det er ei kjend sak at det har vore delte meiningar om det er nok sjukeheimsplassar eller ikkje i Surnadal. Det er også eit faktum at eit fleirtal i Surnadal kommunestyre har stemt ned forslag om å vurdere og utgreie om nokre av dei åtte nedlagde sjukeheimsplassane skal takast i bruk igjen. For at det ikkje skal vere tvil om kva som er rett: Dette er fakta som heilt klårt kan dokumenterast ved å gå gjennom protokollane for dei tre siste møta i Surnadal kommunestyre. Eg har i tidlegare lesarinnlegg sitert ordlyden i dei nedstemte forslaga. Eg finn derfor ingen grunn til å gjenta desse her.

I siste kommunestyremøte, 31.03.2022, under behandling av sak 12/22, som galdt styrking av tilbodet i Surnadal helsehus, blei det fatta eit samrøystes vedtak kor det mellom anna heiter: «Kommunestyret ber om at det blir lagt fram ei sak i samband med budsjettarbeidet der dette blir vurdert:

- Dei 8 stengde sjukeheimsplassane blir opna. Tilsvarande 8 sjukeheimsplassar blir stengt på BOA.

- På BOA skal det samtidig opnast bufellesskap/tryggheitsplassar for inntil 4 personar som eit tilbod på nivå mellom omsorgsbustad og sjukeheim.

- PBN (Plan og Byggenemnd) for Surnadal Helsehus skal snarast vurdere denne løysinga som ein del av den vidare utviklinga av Helsehuset.»

Denne ordlyden viser at eit samla kommunestyre no går inn for å vurdere og utgreie om nedlagde sjukeheimsplassar skal opnast eller ikkje. Noko det tidlegare ikkje var fleirtal for i kommunestyret. Dette faktum kan ein ikkje snakke seg bort i frå. Utviklinga er avgjort positiv. Saka er ikkje låst lenger, og bra er det!

Surnadal eldreråd har i sine kommentarar til kommunebudsjettet for 2022 samrøystes foreslått å vurdere og ta i bruk to-fire nedlagte sjukeheimsplassar.

Talet på dei eldste eldre i Surnadal vil auke i åra frametter. Framskrivingstala frå Statistisk Sentralbyrå talar sitt tydelege språk i så måte. Elles er stoda slik at med fleire eldre i høg alder vil det bli fleire demente mellom oss. 60-80 prosent av bebuarane ved våre sjukeheimar er demente. På dette feltet har og vil Surnadal kommune få ei stor utfordring i åra frametter. Pårørande til demente personar gjer ofte ein framifrå innsats for sine kjære. Det er viktig at desse får avlasting slik at dei ikkje slit seg heilt ut. Det er inngått samarbeidsavtale om eit meir demensvennleg samfunn mellom Surnadal kommune og Nasjonalforeningen for folkehelsen. Det er å håpe at denne avtalen kan gi grunnlag for ein betre kvardag for dei demente og deira pårørande.

Til slutt vil eg gi stor ros til dei tilsette innan helse, pleie og omsorgssektoren i Surnadal for framifrå innsats. Arbeidspresset er stort. Takk for at dykk står på!

Johs. J. Vaag

Powered by Labrador CMS