LESERINNLEGG:

Ulike meiningar om eldreombodet skal leggast ned

Publisert

Det ligg føre eit forslag frå regjeringa om å legge ned Eldreombodet. Dette har naturleg nok skapt reaksjonar hos mange, ikkje minst mellom tillitsvalde i pensjonistforeiningar og eldreråd rundt om. Etter at Eldreombodet blei oppretta i 2020, ønskjer no regjeringa altså å legge ned Eldreombodet.

Oppdraget til Eldreombodet er å fremja dei eldre sine interesser på alle samfunnsområde og å følgje med på situasjonen for eldre. Norge har ikkje andre organ som fremjar eldre sine interesser med eit tilsvarande oppdrag.

Mellvin Steinsvoll, mangeårig fylkesleiar i Pensjonistforbundet her i fylket og no sentralstyremedlem, seier det slik i eit intervju med avisa Driva av 7. september 2022 s.15: «Det er helt latterlig å komme med forslag om å legge ned Eldreombudet, spesielt i den tiden vi er inne i nå hvor antallet pensjonister bare fortsetter å øke her i landet.» Det er verdt å merke seg at Pensjonistforbundet er ein partipolitisk nøytral organisasjon.

Fylkeseldrekonferansen i Møre og Romsdal (ein konferanse som underskrivne i si tid kom med forslag om) har i kraftige ordelag protestert og bede regjeringa og Stortinget om å oppretthalde Eldreombodet. Vidare har kommunestyret i Surnadal sin nabokommune Sunndal fatta slikt vedtak: «Kommunestyret i Sunndal vil på det sterkeste anbefale at Eldreombudet opprettholdes og fortsetter sitt arbeid.»

I spørjekvarteret under kommunestyremøtet i Surnadal 17. november kom underskrivne som kommunestyrerepresentant med følgjande forslag: «Kommunestyret i Surnadal vil på det sterkaste rå til at Eldreombodet blir oppretthalde og held fram med arbeidet sitt.» Ordføraren sitt svar på mitt stilte spørsmål var i følgje protokollen frå nemnde møte følgjande: «Ingen tvil om at Eldreombodet gjer ein god jobb. Vi har pasient- og brukarombod som tek seg av alt som har med helse å gjere, sivilombodsmannen tek seg av konflikter mellom privatpersonar og det offentlege, og likestillingsombod når det trengs. Eg meiner vi alle er godt dekt både 50-åringar og 85-åringar.»

Surnadal eldreråd fatta i møte 24. november følgjande samrøystes vedtak:

1. Surnadal eldreråd vil på det sterkaste rå til at Eldreombodet blir oppretthalde og held fram med arbeidet sitt.

2. Surnadal eldreråd meiner Surnadal kommunestyre, som er kommunens høgste folkevalde organ, også bør ha eit klart standpunkt i denne saka.

Det siterte vedtaket viser klårt at eldrerådet og ordføraren i Surnadal har ulikt syn når det gjeld spørsmålet om Eldreombodet her i landet skal oppretthaldast eller ikkje.

Johs. J. Vaag

Powered by Labrador CMS