LESERINNLEGG:

Mi barndoms evje

Publisert Sist oppdatert

Mi barndoms evje og litt til

Før i tida var det mange evjer langs Surna sine bredder. Det var sjeldan meir enn nokre hundre meter mellom kvar evje. Nokre var store og djupe, mens andre var små og grunne. Nokre hang saman med ein bekk som kom ned liene, medan andre enda i ein bergvegg eller i ein åker.

Evjene var ein spanande stad for oss smågutane. Ofte var dei omkransa av tett og frodig elveskog. Selje og or stod tett i tett og gjorde desse vann-reservoara til eventyrlege og løyndomsfulle stader, ja nesten som ein jungel. Mange hytter vart bygde av kvistar og ormgras. Når ein satt i desse hyttene, kunne ein drøyma at ein var langt unna folk, sjølv om ein i røynda var nær hus og heim.

Elveskogane var fulle av liv. Her hekka fleire fugleartar som til dømes Gråtrost, Rødvingetrost, Rørsangar, Gulsangar, Bokfink, Bjørkefink, Strandsnipe fleire vadefuglar og ender. Og ikkje sjeldan kunne ein også treffe rådyr i desse skogane.

Det er ikkje til å leggja skjul på at det var eggsamlinga som i første rekke trakk oss mot elveskogane og evjene om våren. Eit habitat som er unikt for elvedalar som Surnadal. Elva har arbeidd jamt og trutt i mange hundre år for ikkje å seia tusenvis av år. Tallause flaumar har skore ut nye elvefar som har vore bruka av elva nokre år før eit nytt elvefar har sett dagens lys. Det gamle elvefaret vart gjerne liggjande att utan at det rann mykje vatn gjennom det, medan i andre kunne det vere ein bekk som heldt litt rørsle i vatnet. Mange av desse gamle elvefara fekk gjerne ei skikkeleg utvasking ved neste flaum. Når eggsamlarsesongen var over rundt midtsommar, kom ei tid da evjene vart bruka som fiskeplassar. Det var ei kjent sak i smågutmiljøet at evjene husa mykje småaure og nokre gongar ganske store aurar. Det var gjerne etter ein flaum at dei store var der, eller på seinhausten når dei skulle opp i ein bekk for å gyte.

Sjølvsagt var det dei store og djupe evjene som verka mest forlokkande. For oss som vaks opp på Tellesbø var det oftast Ranesevja og evja som startar i Korsahølen på Honnstad som stod øvst på besøkslista. Dette var store evjer med djupe kulpar fleire plassar oppover. Skulle vi til Ranesevja, rodde vi over elva og gjekk til evja.

Skulle vi til Honnstad vart det sykkel. Eg hugsar at vi tykte det var veldig langt å sykle til Honnstad. Fyrste gongen denne turen skulle takast, var det mykje fundering på om kor lang tid det ville ta. Som seg hør og bør hadde vi speedometer på syklane og det vart rekna i det vide å breie kor lang tid dette ville ta om vi held 10 km/t, 20 km/t osb. Eg minnast at hovudgrunnen til at dette med tid vart prioritert var at naboen min Lars, skulle heim til nons klokka 5. Nons er som kjend dagens viktigaste måltid.

På tur oppover nordsida passerer vi fleire kjende fiskeplassar for den som var biten av fiskefeber, uansett størrelse på fisken. Først kom vi til storsteinen som låg innmed land i Pellhølen nedanfor møbelfabrikken på Pellan. Rundt denne steinen vrimla det av små fisk, både laks og aureungar. Det var nesten i overkant spanande å sitte på steinen og sjå på marken som låg på kanten av berget der Pellhølen stupa ned mot sine uante djupner. Det svartna ned mot botnen og ein visste at der nede stod det laksar som nesten var like store som oss på steinen. Vi hadde sett dei når dei vaksne, han Ola, Asbjørn eller han Ivar fekk dei på kroken, store beist på mellom 15 og 20 kg. Ofte stod han Helge på vegkanten og kika ned på oss fiskarane på steinen. Det ga ei form for tryggleik at vaksne visste at vi var der ved den store, djupe hølen.

Litt lenger oppover kom vi til Hommelstadbekken. Denne bekken var full av småfisk og brua var ein attraktiv fiskeplass. Denne tida var brua laga av tre og mellom plankane kunne ein sjå på livet under brua. Ein kunne ligge på magen og myse ned i glipene mellom plankane og sjå både markkrok og fisk. I det dunkle lyset såg småfiskane mykje større ut. Av og til måtte vi evakuere brua då det kom ein bil eller ein traktor. Dette var ikkje ofte, men vi var redde for at trafikken skulle skremme fisken som var under brua. Det gjekk som oftast bra, for når støvskya hadde lagt seg var både fisken, eg, Lars, Arve og Bjarne på plass igjen.

Etter nok eit stykke kom vi opp til Krangnesevja. Den såg forlokkande ut, djup og fin, men det var hus såpass nære evja at vi hadde ikkje mot til å fiska der. På sørsida av evja låg det ein stor elveskog. I denne skogen var vi ofte om vårane når vi var på reirleiting, skogen var full av liv.

Omsider kom vi til Mogstad. Her var det ein fin bekk som snirkla seg mellom gardane. Av same grunn som ved Krangnes torde vi ikkje å fiska her, det vart for nære hus og folk. Grunnen til denne blygskapen var at vi visste at ikkje alle lika at vi fiska på småfisken som skulle bli storfisk.

Vi hadde og ei kjensle av at ikkje alle tykte at eggsamling var ein etisk forsvarleg hobby. På toppen av det heile hadde vi uforvarande vore på epleslag til han «eplelars» etter ein basar på Korsen Grendahus. Epletrea stod nesten ned til bekken og alt for tett på nordsivegen så freistinga vart for stor. Eg angrar den dag i dag, for hadde det ikkje vore for epleslangen, hadde vi mest truleg fiska i bekken. Angsten for å bli attkjend var for stor.

På Mogstad ligg bekkane på rekkje og rad, og ikkje langt unna denne første bekken ligg ein stor og spanande bekk, Brøstjåa. Denne bekken snudde eg meg lengselsfullt etter kvar gong eg og familien min køyrde forbi på veg til slektningane oppi dalen. Store steinar, berg og ville stryk, det var som ein våt draum for ein stetfiskar. Her fiska vi fleire gongar og det var alltid like spanande med dundret frå stryka og djupe kulpar.

Eit lite stykke lenger opp kjem vi til Korsabrua. Då visste vi at litt lenger oppe gjekk det ned ein elvaveg som tok oss ned til evja. Denne evja var stor og delvis djup. Når ein skulle fiske her, måtte duppen fram. Det var ting og tang på botnen som tok markkrokane så det var om og gjera å unngå botnen. Ein fekk nesten ei kjensle av å fiske på tjønnene på Nordmarka når ein fiska her.

Når det gjeld turane oppover dalen for å besøke slektningane kvar søndag, vart desse også bruka til å studere potensielle nye fiskeplassar eller stader å leite reir. Når ein passerte ein bekk eller ei evje tok fantasien overhand, og tankane gjekk til kva dette vatnet gøymde av store ruggar.

Av og til måtte vi stilla opp på konfirmasjonar til slektningane oppe i dalen. Som kjent kolliderer konfirmasjonstida med reirleitingstida. Dette var eit stort dilemma, korleis kunne ein få til å kombinere konfirmasjon med reirleiting? Som regel vart det til at eg, Ole og Kristen fekk lura oss unna og oppsøkte ein elveskog eller evje på reirleiting, medan dei vaksne ståka med sitt. Nokre gongar rakk nok det fine festantrekket vårt å bli litt prega av aktiviteten innan kaffien kom på bordet.

Når det gjeld søndagane var dette eigentleg store dagar, då fekk vi høyre om naturopplevingane til han besfar Ola. Han hadde drive mykje med jakt i Vindøladalen og hadde budd «over dammen» i mange år. Etter at vi hadde fått Firkløver og kamferdrops frå kjøkkenskuffa til han besfar, gjekk tankane fort til noko verkeleg spanande. Eit lite stykke oppover dalen frå garden til besfar låg det ein stad som alltid lokka i tankane. Vindøla!

Dette flotte «store» vassdraget med klårt vatn frå Trollheimen var magisk å komma til. Under brua før ein kjem til Røv var det ofte gutar som fiska på søndagane. Når eg og Ole kom dit, var ofte Harald, Steinar, Nils, Per Olav og Lars Bjarne der allereie. Lars Bjarne var ute og fiska til katta si Pissi Fransen.

Her i Vindøla måtte det litt betre utstyr til enn i dei små bekkane vi var vande med. Faktisk var det ein fordel med snelle på stanga for å komme ut til dei beste plassane. Mellom steinane og berga her var det mykje aureyngel, nokre laksyngel og ein og annan lynrask fjellaure som hadde kome ned frå Vindøladalen. Det hende også at svelar og store aurar kom opp frå Surna og hogg i agnet vårt. Av og til kunne vi også sjå store ålar som snirkla seg innmed bergveggen. Desse var litt skumle og vart ikkje aktivt fiska på.

Desse turane til kortreiste fiskeparadis vekte fiskeinteressa og naturinteressa i oss smågutane, noko som ikkje har forsvunne for dei fleste av oss.

Om vinteren vart det dårleg med fisking. Isfiske var ikkje noko som fenga, merkeleg nok, men is fenga derimot bra. Rett nedanfor husa på Tellesbø var det ei lita grunn evje som vart kalla Flynderhølen. Det var ikkje noko fisking i denne evja, men det var fisk. Når den første isen la seg på evja var dette ein ynda boltreplass. Det var sparking, curling med steinar og av og til kom skøytene fram. Det som var det aller beste, var når isen var klar og fin og ein kunne ligge med andletet ned til isen og sjå på livet under den. Sjølv om dette var ei grunn evje, vrimla det av liv på botnen vinterstid. Sjølvsagt var det aureyngel og lakseyngel, men det var også piggfisk som vi kalla han. Dei vaksne kalla den for tinnaure, etter kvart lærte vi at dette var trepigga stingsild. I tillegg til dette var det mange slags insektslarvar som kraup mellom steinar og grønslæp. Grønslæp er eit lokalt omgrep på vassplantar som veks på steinar i elva. Det var ikkje rart at småfiskane heldt til i evjene, det var trygt under isen og fullt av mat.

Det var høgtidsstund kvar gong det var blank is slik at vi kunne ligge å følgje med på det som skjedde på undersida. Barne-TV vart ofra til fordel for kveldstokt ned til evja med lommelykt for å sjå på nattelivet under isen. Ofte kunne ein da få sjå enda litt større fiskar som var på matjakt.

Ofte drøymde eg om å kunne besøke ei av dei store evjene når dei hadde stålis. Det måtte vera fantastisk til liv i desse store djupe kulpane. Tenk om ein kunne ligge på den isen med lommelykta ein stjerneklar og kald desemberkveld.

No er det for seint, evjene er for det meste borte, alt som levde i og rundt dei er borte. Det gjer vondt å tenkje på alt vi har mista i lag med evjene. Auren er nesten utrydda, han manglar trygge evjer med mykje mat der han kan veksa opp. Mange av dei få som veks opp endar sine dagar i lusebeltet ute i fjorden. Piggfisken er sjeldan art å sjå og ålen er borte, likeeins flyndrene som gav namnet til Flynderhølen. . Alle insektslarvane som mange artar lever av er og borte. Alle fuglane som brukte evjene er borte og sikkert mange fleire artar, eg berre nemner amfibium. Eg saknar dei klåre vårdagane då steinfluene vart klekte i sanda på grunt vatn og vandra oppe på snøen frå elva og evjene. Snøen vart nesten svart av dei store mengdene med steinfluer, det var sikkert mange tusen kvar vår. No er du heldig om du ser tre fluer ein aprildag. Det biologiske mangfaldet er borte.

Det som har skjedd er eit stort tap for bygda og kommande generasjonar. Elva er regulert og maktar ikkje å halda ved like evjene lenger. Ei naturleg elv skal ha desse biotopane i sin «favn» for å halda seg frisk. Utan evjene er elva og dalen fattig på liv. Det som trengs no er «intravenøs» behandling der evjene blir reetablerte slik at elva og dalen får tilbake noko av det livet som høyrer til her.

Ansvaret for dette ligg på kraftregulanten. I den pågåande vilkårsrevisjonen der skadar på natur og miljø etter 60 år med kraftreguleringa skal utbetrast, er dette høgaktuelt. For regulanten er dette ein vinn-vinn situasjon der dei samstundes får opna flaumløpa som hindrar at flaumane blir for store.

Berekraft er noko som blir viktigare og viktigare i vår tid. For å kunne bidra til at samfunnet blir meir berekraftig, treng ein kunnskap. Kunnskap om at alt i naturen heng saman og at alt er der for ein grunn. Det er bra at politikarar, forskarar og andre samfunnsdebatantar vil bevisstgjere oss om dette temaet. Men eg vil tru at det er lettare å forstå betydinga av dette om ein har opplevd naturen og samanhengane på nært hald. Som smågutar forstod vi sjølvsagt ikkje betydinga av berekraft og biologisk mangfald då vi sykla og sprang langs Surna. Eg trur at desse erfaringane og opplevingane er med på å få oss til å forstå samanhengane og omgrepa betre etter at vi vart vaksne.

No når mykje er borte, er det ikkje så spanande å sjå under isen lenger. Det er heller ikkje sikkert at ein får napp i dei små bekkane. Ein får heilt sikkert ikkje napp i dei evjene som er borte.

I dei seinare åra har det skjedd noko som gjev grunn til håp. Til dømes i 2017 vart det gamle elveleiet i Sæterøya, kalla Gammelelva restaurert. Dette er viktig i forhold til alt som lever der. I nær framtid skal fylket også restaurere Ranesevja. Dette er eit tiltak som er viktig med tanke på det biologiske mangfaldet i dalen. Dette er ein god start, men det trengs mykje meir. Dalen er lang og det er mange evjer som har gått tapt. Eit anna og særs viktig poeng er at restaureringa av evjene må ha som mål at arbeidet skal resultere i gode tilhøve for naturmangfaldet i desse evjene, og at dei ikkje berre skal ryddast for skog og humus som har lagt seg føre.

Det er mange som må dra i same retning for at vi som lokalsamfunn skal få tilbake det biologiske mangfaldet i dalen. Statkraft AS, kommunane, NVE, fylket, den norske stat og grunneigarane har mykje å svara for. Alle veit kva som må til, spørsmålet er om det er vilje. Eg håpar det.

1975 - 1981. «Pålin»

Teksten er også publisert på elveguiden.no