LESERINNLEGG:
Håp om fleire sjukeheimsplassar?
Mitt store håp er at Surnadal kommunestyre på budsjettmøtet 16. desember vil løyve nødvendige midlar for å kunne ta i bruk nedlagde sjukeheimsplassar ved Surnadal sjukeheim.
På kommunestyremøtet 4. november låg det til rette for at dette temaet kunne bli tatt opp til vurdering. Men eit fleirtal på 19 kommunestyrerepresentantar sette «foten ned» og stemte mot eit forslag som lydde slik: «Rådande situasjon tilseier at det alvorleg bør vurderast å ta i bruk nedlagde sjukeheimsplassar snarast råd. Viser i den samanhengen til at det for budsjettåret 2021 ligg an til å bruke om lag 1. mill. kr. til gebyr vedkomande ferdigbehandla sjukehuspasientar som ikkje har fått noko behandlingstilbod i Surnadal». Med ein liggedøgnspris på drøye 5.000 kroner, betyr det at kommunen har cirka 200 liggedøgn i år, altså over ein halv sjukeheimsplass. (Kjelde: Tidens Krav av 18.11.21 s. 16.)
No er det slik at eit vedtak gjeld fram til eit nytt er vedtatt. Slik sett er det «håp i hengande snøre» når det gjeld denne saka også. «Det er inga skam å snu», heiter det i fjellvettreglane. Dette gjeld også i denne samanhengen. Elles er det grunn til å peike på at det nedstemte forslaget berre seier at vi bør vurdere å gjenopne nedlagte senger, ikkje noko meir.
Det er og grunn til å merke seg kva styra i Pårørandeforeninga for Surnadal sjukeheim og Surnadal demensforening og helselag har uttala om sjukeheimssituasjonen i Surnadal i eit lesarinnlegg for kort tid tilbake. Vidare kan nemnast at 8.september 2015 underteikna ordføraren i Surnadal og generalsekretæren i Nasjonalforeningen for folkehelsen (Nff) ein samarbeidsavtale mellom Surnadal kommune og Nff om eit meir demensvennleg samfunn. Ein slik samarbeidsavtale går eg ut i frå vil forplikte partane. Som fylkesleiar i Nff i Møre og Romsdal gjennom 30 år kjenner eg denne organisasjonen rimeleg bra.
Surnadal eldreråd har i møte 23. november samrøystes vedtatt ei prioritert liste over 11 saker eldrerådet vil arbeide med. Som nummer to på lista står oppført arbeidet med å få tatt i bruk 2-4 av dei nedlagte sengeplassane ved Surnadal sjukeheim. Dette er også hovudbodskapen i eldrerådet sin kommentar til Surnadal kommune sitt budsjett for budsjettåret 2022.
Det skal bli spennande å sjå kva som skjer ved budsjettbehandlinga 16. desember.
Johs. J. Vaag