LESERINNLEGG: Dei norske PISA-resultata:
Stadig meir skule gir ikkje flinkare eller friskare elevar
Dagens unge er ikkje udugelege slabbedaskar med stadig større lærevanskar. Dei veks derimot opp i eit samfunn som på fleire område gir dei dårlegare vilkår for læring, helse og naturleg utvikling.
PISA-resultata er urovekkande. Endå meir urovekkande er mangelen på vilje til å sjå at organiseringa av skulen truleg er ein svært viktig del av problemet.
Vi kan ikkje setje likskapsteikn mellom meir tid i skulen og betre læring. Det er på tide å erkjenne at stadig utvida skuledagar og skuleår ikkje gir flinkare eller friskare elevar.
Ungar flest er både lærevillige og lærenemme. Men dei er også biologiske vesen med grunnleggjande behov for søvn, bevegelse, leik, omsorg, mat, vaksenkontakt og tid til å fordjupe seg. Desse behova får ungane langt i frå dekte godt nok når skulen legg så stor beslag på livet deira.
Skulen har teke stadig meir plass i livet til ungane. Endringane har skjedd over lang tid. Derfor har vi kanskje vorte endringsblinde. Vi erkjenner heller ikkje kor mykje oppvekstvilkåra elles har endra seg.
I boka «Skolens omsorgssvikt» skriv professor og tidlegare lærar Ole Martin Moen dette: "I tillegg til at det er grunn til bekymring for at mange barn blir utsatt for omsorgssvikt fra skolens side, er det også grunn til bekymring for at et langt høyere antall barn blir utsatt for vedvarende belastninger som, til tross for at de ikke er så skadelige at de utgjør omsorgssvikt, likevel har en langvarig negativ innvirkning på livene deres."
Skulen er ikkje berre ein stad for læring, men òg ein oppbevaringsplass for ungar medan foreldra er på arbeid. Samstundes har leksene vorte verande, sjølv om skuledagane har vorte både fleire og lengre.
Den lengre tida på skulen er ikkje fylt med det ungane mistar når dei får mindre tid saman med familien og i nærmiljøet: omsorg, vaksenkontakt, fri leik, fysisk aktivitet og høve til handlingsboren kunnskap.
Med seksårsreforma i 1997 måtte ungane starte eitt år tidlegare. Mange er framleis berre fem år når dei møter opp med skulesekken. Reforma skulle gi seksåringane ein mjuk og leikprega overgang, men mange stader har leiken gradvis måtta vike for meir tradisjonell undervisning.
Samtidig har det totale undervisningstimetalet auka kraftig. Forskinga til Elise Farstad Djupedal viser at undervisningstida i grunnskulen auka med til saman 1359 timar frå 1990 til 2008.
Av desse kom 577 timar med seksårsreforma og innføringa av det ekstra første skuleåret. Dei resterande 782 timane vart lagde til utover dette – tilsvarande om lag endå eitt skuleår. Leksemengda vart ikkje tilsvarande redusert.
Likevel er Pisa-resultata nedslåande. Det burde få oss til å spørje om vi har forveksla kvantitet med kvalitet.
Eg kritiserer ikkje lærarane eller all den gode undervisninga som faktisk skjer kvar dag. Norske lærarar står ofte i ein svært krevjande situasjon og mange gjer ein imponerande innsats. Her må vi evne å ta vare på det som fungerer. Men vi må òg våge å stille spørsmål ved rammene (kanskje kunne vi kalle det bura?) som lærarane og elevane er plasserte innanfor.
Stadig meir fagstoff gir ikkje nødvendigvis meir læring. Stillestitjing, for få pausar og lite variasjon kan tvert imot hemme konsentrasjon, motivasjon og lærelyst. Og det kan svekke både fysisk og psykisk helse.
Framlegg til løysingar:
Gjeninnfør eit års seinare skulestart. Reduser det totale talet på undervisningstimar gjennom grunnskulen.
Gi plass til mykje meir leik dei første skuleåra, samt meir praktisk tilnærming oftare i heile skuleløpet. Gi fleire pausar til rett tid.
Start skulen på eit seinare tidspunkt kvar dag. Få slutt på å stille klokka til sommartid, og viss ikkje dette går: Start skulen ein time seinare i sommarhalvåret. . Målet må vera å sørgje for meir god søvn til fleire.
Alternativt, eller i tillegg: Innfør ei kjernetid for oppmøte som gjer skuleveka meir fleksibel utanom kjernetida. Skulestarten kan òg tilpassast lokale forhold, reiseveg og alderen til elevane.
Mange elevar får for lite og for dårleg søvn. Det handlar ikkje berre om å «leggje seg i tide». Døgnrytmen blir biologisk forskyva i ungdomsåra. Når skulen startar for tidleg, kan resultatet bli kronisk søvnmangel og dårlegare læreevne i ein periode då hjernen og kroppen er i rask utvikling.
Barn og unge blir bombarderte med sosiale medium, skjerminnhald og impulsar som konkurrerer om merksemda deira. Skulen kan ikkje løyse dette åleine, men han kan vere ein stad med tydelege grenser, færre digitale forstyrringar og meir rom for fordjuping og kreativitet. Ordentlege skulebøker må sjølvsagt tilbake.
Mat og drikke påverkar også energi, konsentrasjon og læring. Skulen og samfunnet elles bør leggje betre til rette for næringsrike måltid baserte på ordentleg mat, framfor at ultraprosessert mat og søte produkt blir ein naturleg del av kvardagen.
Tidlegare har eg saman med Marit Knutsdatter Strand (medan vi begge var stortingsrepresentantar for Sp) skrive innlegget Skulen har bortlæringsvanskar. Der peikar vi på det vi kallar bortlæringsvanskar i skulen og dårlege vilkår for læring som eit alternativ til å skulde elevane for å ha lærevanskar.
Det er heilt sikkert andre faktorar som er viktige attåt dei eg nemner. Men vi må aldri gløyme at ungar lærer og utviklar seg best når dei får gjera dette i tråd med eigen alder og eigne evner.
Det er no på tide å leite etter dei reelle årsakene til dei svake Pisa-resultata og ikkje bruke desse resultata til å tvinge ungane inn i endå meir skulegang.
Jenny Klinge