Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til Bøkeskogen
Skodda låg tjukk på Slettfjellet da 23 turgangarar møtte opp i duskregnet på rasteplassen ovafor Skei tirsdag. Dei vart enige om at Slettfjellet fikk vente til ein dag med betre ver.
I staden køyrde vi til Vang og gjekk etter fine skogsvegar i fin skog og natur til Bøkeskogen i Stangvik via Øygardshalsen. Det var visst nok stangvikpresten Just Bing Ebbesen som plata desse trea rundt 1890. Sola var og så vidt innom å helsa på oss da vi inntok nista mellom dei mektige trea.
Derifrå gjekk vi ned til «Den Trondhjemske postvei» og gikk på denne historiske grunn attende til bilane på Vang. Vegen mellom Bergen og Trondheim vart bygd i 1780-åra. Bøndene hadde ansvaret med å frakte posten.
-