LESERINNLEGG:
Ny opplæringslov må sikre digitalt likeverd
Den digitale skulekvardagen fyller klasseromma til nynorskelevane med læremiddel, læringsressursar og digitale verktøy på bokmål. Den nye opplæringslova må sikre at nynorskelevane får skulekvardagen sin på nynorsk.
Læremiddel er i dag omfatta av det såkalla parallellitetskravet om at dei må finnast på både nynorsk og bokmål, til same tid og pris. Når den trykte læreboka i stor grad blir erstatta med ulike digitale element, harmonerer ikkje lenger definisjonen i lova om kva som er eit læremiddel med røyndomen i klasseromma. Nynorskkravet må dekke dei læringsressursane og verktøya som faktisk blir brukte.
Mange av nynorskelevar får lese- og skriveopplæringa si med skriveprogram som ikkje finst på eller forstår nynorsk. Dei kan få raude strekar under nynorske ord dei har skrive rett. I høyringsutkastet til ny opplæringslov blei det føreslått å lovfeste at skriveprogram som blir brukt i skulen må kunne både bokmål og nynorsk, så langt som råd er. Atterhaldet slår i praksis beina under lovkravet.
Meir og meir av opplæringa skjer på skjerm. Den nye opplæringslova må sikre at elevar med nynorsk som hovudmål får dei same vilkåra som elevar med bokmål som hovudmål.
Møre og Romsdal Venstre meiner difor at:
- Ei ny opplæringslov må ha ein læremiddeldefinisjon som femnar breiare enn i dag, og som inkluderer digitale læringsressursar som er laga for eller blir brukte i opplæringssiktemål.
- Det må lovfestast at skriveprogram som blir brukt i skulen kan både bokmål og nynorsk, utan atterhald.
Vedtatt på årsmøtet, Møre og Romsdal Venstre 2023