LESERINNLEGG:

Klår tale må takast på alvor
Rundt 80 høringsbrev og sterke bygdemøte viser klår tale: Skulane i Surnadal må bli! Skal «høring» og «dialog» gi meining, må dei folkevalde ta folket sitt på alvor. Det gjeld ikkje minst respekt for demokratiet. Kontrasten (kanskje: konflikten) mellom byrå-krati og demo-krati slår oss. Kontoret («byrå» gml.fransk for «skrivebord») tilrettelegg saker. Demokratiet (folkestyret) avgjer «på folkets vegner». Kommunestyret er ikkje forplikta på direktørens tilråding!
At tittelen «rådmann» vart endra til «kommunedirektør», endrar ikkje funksjonen. Ho/han legg fram sak (gir «råd»), men har ikkje autoritet til å gi «direktiv» (bestemme). Demokratiet tillegg dei folkevalde denne makta.
Dermed også klårt: Vil fleirtalet i kommunestyret legge ned skulane, må vi i demokratiets namn respektere det. Like klårt: Demokratiet fungerer dårleg viss folkevalde neglisjerer dei utvetydige signala dei no har fått frå folket sitt.
Høringsbreva og dialogmøta har vist enormt engasjement. Og det sjøl om kontorets ultimate nedleggingsforslag var misbruk av ordet «dialog». Viss ein verkeleg meinte at «foreldre, ansatte og lokalsamfunn kan bidra med refleksjoner» og at «barn og unges stemme er viktig, og elevråd og ungdomsråd vil bli hørt», måtte møta ha kome før – og såleis fått gjeve skikkeleg grunnlag for vidare forslag. Men: Vi må tru at kommunen tek med seg dei sterke og konstruktive innspela frå desse møta. Skal ein navigere i vanskeleg farvatn, er det ein klok regel å lytte til kjentfolk!
Barnas beste? Det forbausar at ufaglærte på kommunenivå så bastant kan påstå at sentralisering sikrar kvalitet og er til «barnas beste»! Slik innsikt er det heimane og pedagogiske fagfolk som har!
Både FAU, lærarar og foreldre har sagt tydeleg ifrå. Og dei har solid forsking med seg: Vi viser til både internasjonal og norsk ekspertise - bl.a. Nordlandsforsking (Karl Jan Solstad) og Høgskulen i Volda (Rune Kvalsund).
Solstad: «Det er viktig å slå fast at så langt norsk og internasjonal forsking i dag kan dokumentere, så er dei små skulane fullt på høgde med store skular når det gjeld å fremje læring og intellektuell utvikling.»
Forskarane Rune Kvalsund og Anita Berg-Olsen har vist at i sosial læring og utvikling kan små skular endatil ha viktige fortrinn:
a) Samhandling på tvers av alder og kjønn
b) Breiare sosial kontaktflate enn større skular, som har åtskilde aldersgrupper
c) Tettare vaksenkontakt og tidlegare ansvarsevne. Dette styrkjer trygghet og sjølvstendighet - noko som blir stadig viktigare i ei krevande og usikker framtid.
Avgjerande punkt er lagt fram i tallause uttalar og innspel. Eg nemner nokre.
* SUBUS er alt overfylt og blir uhandterleg med over 120 nye elevar.
* 5-6-åringar med opptil 3 timar skulebuss dagleg er uansvarleg og i konflikt med alle råd og reglar.
* Tilsyn med dei minste på bussen er ikkje avklara.
* Trafikksituasjonen på Øye er alt vanskeleg og kan bli direkte farleg.
* Løysing av desse problema medfører store økonomiske utgifter.
* Økonomien i nedleggingsforslaga er ikkje avklara. Samtidig forpliktar kommunen seg til nye millionbindingar – eksempelvis eit umetteleg alpinsenter.
* Samfunnsmessige totalkonsekvensar blir enorme. Desse er umulege å talfeste og blir difor (naturleg nok) haldne utanfor. Men dei er like reelle for det!
* Skulen som bygdeinstitusjon i fleire hundre år er langt meir enn undervisning av barn. Nokre av desse konsekvensane må nemnast konkret:
- Tilhørighet, trivsel, samkjensle, identitet, bulyst, næring, dugnadsånd, idrett, kulturliv og historie med lokalt særpreg.
* Dersom dei folkevalde meiner at ein skal unngå Robek med å trasse alle desse momenta (og andre til), må i første omgang skulebarna ta det «på si kappe». I neste omgang får det skjebnesvangre konsekvensar for store deler av Surnadal kommune (Mo, Bøfjorden/Bæverfjord og Stangvik/Todalen). Skulekretsane utgjer fire kyrkjesokn, ikkje små ubetydelege «grender» - slik inntrykket hos somme synest å vera!
Ei viktig presisering – henta frå fotballspråket: Vi som kjempar for skulane våre, er klare på at «Vi tek ballen, ikkje mannen»! «Ballen» er skulesaka. «Mannen» (byrået; anten det er Kari eller Ola) skal ikkje utsettast for personangrep. Men vi har full rett til å uttrykkje vår eiga meining om saka. Den «ballen» prøvar vi å spela inn mot sjølve målet. Om det blir scoring eller ikkje, bestemmer kommunestyret.
Eg har vakse opp blant sjøfolk og lært mykje om farty, mannskap og respekten for vanskeleg farvatn. Den gamle Loslova krev styring med «tilstrekkelig farvannskompetanse». Denne kompetansen i skulesaka er det dei berørte i kretsane som har.
Å lytte til dei er ein betingelse for å unngå forlis. Ein kan ikkje på førehand, og imot kjentmanns råd, bestemme at «vi styrer slik – uansett»! Det er dårleg sjømannskap.
Bernt G. Bøe