LESERINNLEGG:
Gratis skulemat?
Surnadal Høgre går til val på reduksjon i foreldrebetaling til måltid i både barnehage og skule, og auke i søskenmoderasjonen i barnehagen. Vi ønskjer at den samla kostnaden for foreldra skal gå ned.
Samstundes ser vi at oppvekstsektoren har fleire utfordingar som vi i Høgre ønskjer å ta tak i.
Vi er opptatt av å halde fokus på tidleg innsats i skulen, slik at alle barn lærer seg grunnleggjande kunnskap og opplever god mestring i skulen.
Vi ønskjer å sikre god kvalitet i barnehagane ved å styrke satsinga på kompetanse og fagleg påfyll for barnehagelærarar og tilsette i barnehagane.
Ha betre tilpassa undersvisning i skulen for elevar som treng ekstra hjelp, og for elevar som treng ekstra utfordring.
Skal vi få til dette så må vi få på plass meir ressursar til innkjøpe av tidsriktige læremidlar. I dag har ikkje skulen råd til bøker som er tilpassa ny læreplan.
Og vi må få på plass midlar til auka lærarressurs. Gode barnehage- og skulelærarar vil alltid være nøkkelen til gode læringsarenaer for ungane våre.
Surnadal Høgre har som mål at ingen skal gå ut av grunnskulen utan solid grunnleggjande kunnskap i lesing, skriving og rekning.
Skulemat er også viktig, og dette vil vi ta tak i så snart læremidlane og lærarressursane er på plass.
Stem på eit parti som vil jobbe for ein betre oppvekst for alle våre barn og unge.
Trond Håskjold
Surnadal Høgre