LESERINNLEGG:

En mann og ei dame oppstilt for fotografering.
Per Ivar Lied og Dordi Boksasp Lerum.

Har H og Frp tatt påskeferie heile året??

«Sjokkert over manglande budsjettforståing og forberedelse frå fleirtalspartia», seier Per Ivar Lied og Dordi Boksasp Lerum. «Det er oppsiktsvekkande at fleirtalspartia ikkje legg fram konkrete budsjettforslag. Frp, H og halehenget Krf og Venstre aksepterer i praksis færre og dyrare ferje og buss, og dårlegare vidaregåande utdanning med dagens stilletiande aksept av fylkeskommunedirektøren sine kuttforslag.»

- Senterpartiet vil bevare dei ferjeavgangane og busstilbodet vi har i dag. Det er allereie eit minimum, det er behov fleire ferje- og bussavgangar, men det ser vi dessverre at det ikkje er rom rom for det. Desto viktigare er det å bevare bestillingstransport, enkelt sagt drosje for buss på avtalte strekningar i heile fylket.

- Senterpartiet har vore avgjerande for gratis og rimelegare ferje. Vi kan ikkje akseptere auke i ferjetakstane med to soner

- vi legg inn 10 mill til å styrke vidaregåande skular. Vi er glade for at vidaregåande skule blir skjerma i kutta, men det er faktisk behov for å styrke tilbodet til ungdomen vår i heile fylket.

- 2+2 mill til vidare planlegging av Todalsfjordprosjektet

Konkrete forslag fremma av Senterpartiet 2.april:

A. Tiltak drift

- Ingen auke i takstsone bet fylkesvegferjer (+8mill 2024)

-oppretthalde ferjefrekvens 6,8 mill 2024 

-bevare bestillingstransport 2,5 mill

-oppretthalde busstilbod 4 mill 2024 (11,9 mill 2025-)

-styrke vidaregåande skular (5 mill 2024 / 10 mill 2025)

-morgonavgang 04.55 hurtigbåt Hareid - Ålesund-Valderøya

- Auke periodebillett redusert med 10% (+1,7mill)

- Fram Ung blir halden uendra (+0,7mill)

- Periodebillett hurtigbåt blir uendra (0,7 mill)

-bevare ferje Skår 1 mill

-bruvedlikehald lange stålbruer prosjektering 1 mill

-inngå kontrakt for tunnell-/bergsikring 2024

-tilsette energirådgivar bygg 1,1 mill

-ikkje fjerne rekrutterings/informasjonstiltak tannhelse

Samla effekt + 32,4 mill 2024 (mindre kutt enn fylkeskommunedir.)

Finansiering: Reduserte rammer By-og tettstadprogram (-4mill), Skaparkraft (-5 mill), inndratt mindreforbruk/redusert ramme kontrollorgan 2023/24(-4mill), vakanse tannhelse 1 mill, redusert ramme Marint Verdiskapingsfond 18,4 mill.

B. Investeringar:

-Ørsta kompetanse- og kultursenter 50 mill 2026 / 180 mill 2027 (framskynde)

-Kryssing Todalsfjordprosjektet 2 mill 2025 / 2 mill 2026

-Fv 60 Tomasgård - Røyrhus bru 1,5 mill 2024 / 3,5 mill 2025 / 40 mill 2026 (framskynde og oppstartsmidlar)

Powered by Labrador CMS