LESERINNLEGG:
Billig og gratis ferje må bestå
Senterpartiet og regjeringa er heilt tydelege på at billig og gratis ferje må bestå. Høgre vil tvert imot fjerne ordninga med gratis ferje til øysamfunn utan fastlandssamband og til dei minste sambanda elles. I fylket vårt betyr det at Høgre meiner at det skal bli slutt på gratis ferje til øyene Smøla, Midsund og Aukra.
For næringslivet på desse øyene utgjer gratis ferje ein enorm kostnadsreduksjon og bidreg til å vega noko opp for avstandsulempene. Vi har eit døme frå Smøla, der transportfirmaet Brødrene Sætran sparer over 450.000 kroner på å sleppe å betale ferjebillettar. Vikenco på Aukra fortel at dei berre på sambandet Aukra-Hollingsholmen no sparer ca 3,5 millionar i forhold til tidlegare.
Gratis ferje på små samband som til dømes Arasvika-Hennset, Molde-Sekken, Sæbø-Leknes, Larsnes-sambandet og ferja til Ona har ført til lettare kommunikasjon for både private og for næringslivet.
Det er grunn til bekymring når Høgre og samarbeidspartiet Venstre går inn for å fjerne ordninga med gratis ferje. Høgre vil dessutan kutte 1 milliard kroner til fylkeskommunane i forhold til regjeringas framlegg til neste års statsbudsjett. Fylkeskommunane byggjer og driftar fylkesvegane og ferjene våre. Det er viktig å sørge for at dei har gode økonomiske rammer både til dette og til å drive vidaregåande opplæring.
Høgre og Erna Solberg seier ofte at Senterpartiet er «reverseringspartiet». Men vi vil berre reversere når det utgjer ei forbetring, som når vi gjenopnar velferdstilbod lokalt som Høgre tidlegare har lagt ned. Når du skal velje parti, bør du spørje deg: Kva slags «reversering» vil du ha? Vil du helst miste noko du har fått eller få att noko du tidlegare har mista?
Når administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune no gjer framlegg om å ta vekk gratis ferje og auke takstane, er det viktig at det politiske fleirtalet i fylket følgjer opp Stortinget og regjeringas klare føringar om at dagens ordningar skal bestå. For samfunns- og næringsutviklinga sin del må vi stanse Høgre i å reversere gode tiltak.
Geir Inge Lien
Jenny Klinge
Stortingsrepresentantar, Senterpartiet