LESERINNLEGG:

En ung blond dame står foran sjøen med en grønn strikket genser med senterpartiet sin logo
Dordi Lerum

Nei til Frp sitt sentraliseringsbonanza

Dordi Lerum, 4. kandidat for Møre og Romsdal Senterparti og Sentralstyremedlem i Senterungdomen

Folk på bygda er ikkje interessert å bu i ei knøttlita skoboksleiligheit i ei blokk, eller bli servert kaffilatte på kvart eit gatehjørne, slik Frp tilsynelatande trur. Men vi er, med rette, utolmodige etter politikarar som faktisk vil prioritere oss utanfor dei store byane når det vert teke politiske slutningar. Når skal høgresida i norsk politikk forstå det?

Når det viktigaste, og tilsynelatande einaste, distriktspolitiske tiltaket Frp har å by på er lågare skatt for næringslivet vitnar det om lite forståing for distriktspolitikk. Eg er ikkje usamd i at det er éin av fleire ting vi kan gjere for at fleire vil bu på bygda er å senke skattar og avgifter. Men som Senterpartiet har sagt i hundre år; Det handlar også om å ha bustadar, arbeidsplassar, kulturtilbod, bussar og beredskap – om heile pakka. Frp maktar ikkje å sjå heile biletet med sin marknadsliberalistiske tankegong.

For politikk handlar om ideologi. Ideologien til Frp går ut på at absolutt alt skal vere lønsamt, stort og sentralisert. Distriktsskular blir lagt ned. Sjukehus- og ambulansetenester blir sentralisert. Politiet blir flytta inn til byane. Og med på lasset er butikkar, arbeidsplassar og arbeidsfolk, den lokale frisøren, treningssenteret og kaféen. Som Senterpartiet sin tidligare leiar Anne Enger Lahnstein har uttalt: «Vi menneske, i lange periodar av våre liv er vi både små, vi er urasjonelle og absolutt ulønsame – er det plass til oss?». Ikkje i Frp sitt ynskjesamfunn.

«Tilbudet må samles», for bygda er visst ikkje lønsam nok. Frp si løysing for distrikta er i alle tilfelle sentralisering og kutt i pengar til folk på bygda. Trur Frp verkeleg at ungar får det betre dersom dei må sitje fleire timar på skulebuss kvar dag? At folk føler seg tryggare etter åtte år med Frp-reformar og kutt i politi, ambulanse og brannvesen i distrikta?

Høgresida mista makta i 2021 fordi folk var møkk lei sentraliseringsbonanza. Folk var frustrerte over korleis Frp ved eit kvart høve stakk kjeppar i hjulet for framoverlente og positive folk som fekk draumane sine knust fordi Frp la ned sjukehuset, fjerna bussen eller sentraliserte skulen. Familiar måtte flytte. Næringslivet fekk ikkje tak i folk. Lysa i husa vart sløkte.

Senterpartiet gjorde sitt nest beste val i etterkrigstida i 2021. Etter det har vi innført 71 gratis ferjesamband, og gjeve folk 50% rabatt på resten. Vi har opprettar 20 nye politistasjonar og 146 nye politistillingar rundt om kring i heile Noreg. Vi gir i revidert nasjonalbudsjett millionar til små og store kulturinstitusjonar på bygda. Vi gir folk på bygda tilbake optimismen Høgre og Frp reiv sund bit for bit.

Frp sitt politiske bodskap til bygde-noreg har alltid vore todelt: Gi opp distrikta og sentraliser. Ein realitet Frp stadfestar i all praktisk politikk.

Powered by Labrador CMS