LESERINNLEGG:

Øystein Folden i Naturvernforbundet

Historie, urfolk og natur

Publisert

Dei siste dagane har vi lært noko heilt grunnleggande: Urfolk sine rettar tuklar ein ikkje med. Staten Noreg er stor og sterk og trudde at han kunne bestemme alt utan å høyre særleg etter. Det er feil.

Samar har vore fredsæle. Det er ikkje det same som at dei godtar alt. Når begeret blir tilstrekkeleg fullt, så renn det over. Det er det vi har sett no.

Noko vi også har sett no er at det ikkje berre er dei som er direkte råka som står opp og seier i frå. Andre står opp i solidaritet og tar kampen opp.

Noko av dette kan vi kjenne igjen også frå andre tema. Når staten ikkje tar omsyn til livet i Førdefjorden, så er det ein del av dei same som står opp, i kampen mot Goliat.

Det er eit anna samfunnsområde som liknar: Vår arv som arkeologane leiter etter har noko av det same i seg. Ingen tuklar med område der det finst historie i jorda. Då skal det gravast varsamt så ein får nøyaktig peiling på kva som finst der. Prøver nokon seg med noko anna, så blir det bøter av ein storleik som merkast, og kanskje ein tur i buret også. Arkeologiske undersøkingar kan ta både år og dag, og koste millionar som dei som vil bygge noko må dekke. Det er dei som vil diskutere om det er rett, men dei vinn stort sett ikkje fram. Utbyggar må betale, og vente den tida det tar. Så veit vi at det er ting i samfunnet vårt som ein har såpass mykje respekt for at ting blir gjort skikkeleg. Kvifor er det ikkje slik når det gjeld natur? Og urfolk?

Det står att å sjå korleis det går på Fosen. Så langt har staten vore ganske talentlause i sin kommunikasjon med samane. Ein gong i tida var dei kanskje i posisjon til å finne løysingar. No er det truleg nødvendig for samane å vise at det er makt bak formuleringane i lova om urfolk. Då er det like greitt først som sist å stoppe propellane så dei står i ro medan ein talar med kvarandre. Løysinga kan lett bli at vindturbinane og vegane må fjernast. Det blir ein dyr lærepenge for staten. Det er best om ein gjer ting i rett rekkjefølgje.

Kva med naturen? Naturen er grunnleggande for vår eksistens. Rett og slett den greina vi sitt på. Å sage av den greina ender med eit brak. Det er ingen grunn for at utbyggarar og kommunar skal halde fram med å saldere sine prosjekt med naturen. Vi treng ikkje fleire Førdefjorden og Repparfjorden. Vi har sett no at det er mange som er viljuge til å kjempe når storsamfunnet gjer urett. Det er mange fleire også, som tar sin tørn i form av å betale bøtene. Dei som står opp mot uretten burde elles ha fått påskjønning og ikkje bøter.

Det er på tide at kommunar og andre tar også naturen alvorleg. Utan at det blir det nødvendig med meir sivil ulydnad.

Øystein Folden

Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS