Pressemelding om jordbruksoppgjøret:

Geir Inge Lien og Jenny Klinge
Geir Inge Lien og Jenny Klinge synes årets oppgjør går i riktig retning.

Klinge: - Viktig jordbruks­oppgjer for matproduksjon i heile landet

Publisert Sist oppdatert

Tirsdag 16. mai kom partene i jordbruksoppgjøret til enighet. Inntektsmulighetene for landbruket skal økes med 23 prosent, med 110 000 kroner pr årsverk. Avtalen har en økonomisk ramme på 4,15 milliarder.

Geir Inge Lien og Jenny klinge har sendt oss følgende kommentar:

"I årets jordbruksoppgjer kjem det eit etterlengta løft til landbruket og særleg for dei som driv med mjølkeproduksjon og beitedrift. For oss i Møre og Romsdal er dette svært viktig, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge. Ho sit i næringskomiteen for Senterpartiet, der landbruk høyrer til. - Vi er ikkje i mål med å løfte landbruket med årets oppgjer, men det er eit viktig steg i rett retning, seier ho.

Sjølv om vi veit at behovet er endå mykje større, er vi glade for at det så tydeleg går i rett retning.

Geir Inge Lien

Klinge representerer saman med Geir Inge Lien Møre og Romsdal Senterparti på Stortinget. Begge legg vekt på kor viktig landbruket er for heile samfunnet. Dei meiner det er svært avgjerande at nettopp Senterpartiet sit med landbruksministeren og ansvaret for jordbruksoppgjera no i ei kritisk tid for matproduksjon både innanlands og i verda elles.

- Det er ingen tvil om at landbruket har sakka akterut i inntektsmoglegheiter i forhold til andre grupper i samfunnet gjennom mange år. Inntektsgapet er derfor stort, og vi har lovt å tette det fordi vi meiner bøndene fortener løn for den store innsatsen dei gjer for storsamfunnet. Med årets jordbruksoppgjer vil det koma 60 000 kroner til nettopp tetting av inntektsgap per årsverk. Saman med dei 40 000 som vart lagt inn i fjorårets oppgjer, tilsvarer det 100 000 i tetting av inntektsgap på to år. Sjølv om vi veit at behovet er endå mykje større, er vi glade for at det så tydeleg går i rett retning, seier Lien.

Klinge understreker at bønder står på til alle døgnets tider og har svært lite ferie og fritid jamført med andre. - For å sikre rekruttering til bondeyrket og for å behalde folk i næringa, er det viktig med betre velferdsordningar. Det er positivt at dette er ein del av jordbruksavtalen. Det er ein god auke av dei viktigaste tilskota og det er bra at det maksimale utbetalingsbeløpet for ordningane også er auka. Dette er i sum eit viktig jordbruksoppgjer for å sikre matproduksjon i heile landet, seier ho".

Saka frå Regjeringa finn du her:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/jordbruksavtale-som-styrker-norsk-matproduksjon/id2977589/

Powered by Labrador CMS