Ordførar i Surnadal, Margrethe Svinvik (f.v.), stortsingspolitikar Jenny Klinge og Lars Olav Lund frå SNO.

Samlast til møte om rovdyrsituasjonen

Sau som vert teke av jerv og gaupe har ført til store tap og ein vanskeleg situasjon for mange lokale bønder. Måndag inviterte Surnadal kommune til møte mellom ulike aktørar, for å sjå på situasjonen og diskutere moglege løysingar.

Publisert Sist oppdatert

Ordførar i Surnadal, Margrethe Svinvik (Sp), ønska velkommen, og fortalte at arrangørane har gleda seg til denne dagen, som og vert sendt på Surnadal kommune sin Kommune-TV.

– Vi har hatt ein situasjon med store tap i beite i år, til jerv og gaupe. Det er vondt og frustrerande, særleg når ein oppdagar at det kanskje kunne vore gjort noko med dette på førehand. Vi tenkjer no at vi må gjere noko raskt, for elles blir det truleg verre neste år, seier ordføraren, og legg til:

– Vi er samde om kor mykje jerv og gaupe det skal vere, og korleis det skal forvaltast. Så ser vi at det dessverre glepp. I dag får vi lære litt om korleis ting heng i hop.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) har planlagt måndagens opplegg, saman med ordførar Svinvik og Surnadal kommune.

– Det er ikkje tvil om at beitenæringa er i ein fortvila situasjon, slår ho fast, og fortel kva ho håpar skal komme ut av dagen.

– Alle spørsmåla, som alltid dukkar opp, fortener svar. Det kan vere «Korleis blir det gjort slik?» eller «Kven har bestemt dette?». Eg håpar folk i salen nyttar høvet til å stille spørsmål undervegs, og at denne dagen kan skape ein arena for vidare dialog med forvaltninga.

Stortingspolitikar Jenny Klinge saman med bonde Mats Ranes.

Talet på ynglingar ligg langt over bestandmålet

Deito første innleiarane var med via storskjerm og Microsoft Teams. Først ut var Anders Braa, seniorrådgjevar ved viltseksjonen i Miløjdirektoratet. Han tok for seg temaet ekstraordinære uttak av jerv.

Braa fortalte om bestandsmål for rovvilt i Midt-Norge på 12 gauper, 10 jervar og 3 bjørnar. Det er ingen bestandsmål for ulv i vår region.

I 2020 vart det påvist 63 ynglingar av jerv i Noreg. Det er langt over det nasjonale bestandsmålet på 39.

Ekstraordinære uttak av jerv skjer anten ved uttak av enkeltdyr i område med særleg behov, eller hiuttak med uttak av yngeltisper med kvalpar i særleg skadeutsette område.

Braa fortalte at viltseksjonen gjer løpande vurderingar om ekstraordinære uttak, og han gav ros til Statens Naturoppsyn (SNO), som han meiner gjer ein god jobb.

Totalt avliva SNO 49 jervar frå 1. februar til 1. juni. Av dei var 23 enkeltdyruttak og ni hiuttak. I hiuttaka vart det teke ut fem tisper og 21 kvalpar.

– Det er store utfordringar knytt til den praktiske gjennomføringa av slike uttak. Fleire vedtak om felling let seg ikkje effektuere på grunn av vêr, rasfare og liknande, seier Braa.

– Det opplevast ikkje som godt nok

Oddvar Mikkelsen kom med ein kommentar til Braa. Mikkelsen fortalte at det frå bøndene si side vert opplevd slik at ein må sende brev for å be om at uttak blir gjort.

Oddvar Mikkelsen.

– Vi opplever ikkje at det er nok automatikk i at direktoratet, gjennom SNO eller andre, gjer desse tiltaka – eller er aktive nok for å gjere slike tiltak. Vi føler det er eit for stort ansvar på næringa sjølv om å melde frå, og det er vi ikkje komfortable med. Det opplevast ikkje som godt nok.

Seniorrådgjevaren i viltseksjonen i Miljødirektoratet svarte at ein er fritt fram til å søke om uttak, men at viltseksjonen uansett vil gjere ekstraordinære uttak i område der dei meiner det er rett.

– Vi går ikkje og venar på at nokon skal søke om uttak før vi gjer noko, seier Braa.

Nyvalt leiar i Surnadal bondelag, Jan Henrik Moen, er klar på at det er nettopp viltseksjonen og direktoratet det er aller viktigast å jobbe tett opp mot.

– Det er dei som tek avgjerdene, men det er lett for at det er SNO som får peppar frå oss. Det heiter at ein ikkje skal skyte budbringaren, seier Moen.

Jan Henrik Moen.

Rundt 100 jervar i Midt-Noreg

Neste innleiar var Jonas Kindberg, forskingsleiar Rovdata ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Rovdata er lokalisert i Trondheim, har åtte ansatte, og ansvaret for formidling, drift og utvikling av det nasjonale overvåkningsprogrammet for rovvilt.

Kindberg tok mellom anna for seg fristar for registrering, samt korleis dei brukar observasjonar, DNA og spor til å rekne ut bestanden. Berekna populasjon på jerv på landsbasis er no knappe 400. For regionen vår tilsvarar det i overkant 100 jervar.

Ole Sylte Heggset, opprinneleg surnadaling, stilte spørsmål om analysetida, som han meiner er for lang.

– Kor lang tid brukar de på å få fram analyser dersom de får inn DNA? Vi opplever at det kanskje har vore ei negativ utvikling når det gjeld responstid og kor lang tid ein brukar på å få dette registrert og ut på Rovdata.

Kindberg fortalte at Rovdata per i dag gjer 1500 prøvar i året meir enn dei har i kontrakten sin, og at dette gjer at datamengda blir mykje større enn før. Likevel var han klar på at han meiner Rovdata per no er meir effektive.

– Vi prøvar verkeleg å jobbe med servicen her, og analysere så fort som mogleg, slik at folk kan følgje med på resultata av analysane. Det kan vere ulike årsaker til at enkelte prøvar tek litt meir tid, sa han, og oppfordra bøndene til å sende e-post med purring i slike tilfelle.

Margrethe Svinvik ønskjer velkommen.

Godt fagleg grunnlag om gaupe

NINA-kollega John Linnell var første innleiiar som var fysisk til stades i salen. Han representerer Scandlynx, som forskar på gaupe. Deira rolle er å bidra med bakgrunnsinformasjon, både overfor forvaltning og politikarar.

John Linnell, NINA og Scandlynx.

– På 90-talet var gaupa ein litt mystisk, ukjend art, og den gongen hadde vi eit vagt grunnlag og lite data om gaupa. No er vi så heldige at vi sit med eit stort fagleg grunnlag om gaupa her i Noreg.

Linnell fortalte at Scandlynx, sidan 1995, har følgd over 300 gauper via VHF eller GPS, og at dei brukar over 700 viltkamera for å samle inn data. Forskaren peika på at ein difor har god oversikt over gaupebestanden i Noreg, og forholdet mellom gaupa og sau, tamrein og rådyr.

– Noreg er så langstrakt at det er umulig å forvente at vi har detaljkunnskap om alt, men det store bildet, det har vi, seier Linnell.

Landbruksrådgjevar i Surnadal kommune, Elin Moen Lysø (t.v.) og John Linnell.
Powered by Labrador CMS