Møre og Romsdal bondelag melder:

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag Konrad Kongshaug ved Stortinget.
Fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag Konrad Kongshaug ved Stortinget.

Kvotefri avskyting av hjortekalv

Publisert Sist oppdatert

Det er no muleg å søkje om kvotefri avskyting av hjortekalv. Konrad Kongshaug, fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag, ber bønder og kommunar om å vere vakne og søkje i tide. Det skriv Møre og Romsdal bondelag i ei pressemelding.

I mange kommunar i Møre og Romsdal har bestanden av hjort hatt ein kraftig auke dei siste åra. Dette skaper store utfordringar for mange bønder, med betydeleg avlingstap og beiteskade. Den store hjortebestanden skaper også interesse- og arealbrukskonflikter i mange lokalsamfunn.

Kommunar som opplever interesse- og arealbrukskonfliktar knytt til stor hjortebestand kan no søkje Miljødirektoratet om kvotefri avskyting av hjortekalv for jaktåret 2022/2023. Om det er hjortevald som ønskjer å søkje må dei ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen. Det er kommunen som må søkje Miljødirektoratet på vegne av hjortevaldet. Fristen for å søkje er sett til 10. august.

Konrad Kongshaug, fylkesleiar i Møre og Romsdal, fortel at Bondelaget har arbeidd med dette over tid. Han fortel også om godt samarbeid med Landbruk Nordvest, som har gjort eit solid arbeid med å dokumentere avlingstap og beiteskade og som har rekna på dei reelle kostnadene dette gir for bøndene.

– Eg trur at det gode faktagrunnlaget frå Landbruk Nordvest var mykje av det som gjorde at vi fekk gjennomslag, seier Kongshaug.

– Faglaga har arbeidd systematisk både mot det sentrale embetsverket og mot politikarane. Og no ber dette arbeidet frukt. Det er svært gledeleg.

Møre og Romsdal Bondelag har også samarbeidd med Vestland Bondelag. Det er desse to fylka som har størst hjortebestand.

Bakgrunnen for saka er at Møre og Romsdal Bondelag, saman med Vestland Bondelag, i vinter tok initiativ til at det vart send brev og gjennomført møte med Landbruks- og matdepartementet (LMD) om desse utfordringane. Her kom Bondelaget med konkrete innspel knytt til forvaltning av hjort og konfliktreduserande tiltak med vekt på fri avskyting av hjortekalv. LMD har no altså gitt Miljødirektoratet i oppdrag å leggja til rette for dette.

Sak frå NRK: Jan Bjørge taper over 100.000 kroner til hjorten

Powered by Labrador CMS