Flere personer rundet et kaffebord utendørs, og en smilende mann som holder ei kaffekanne.
Todalen er minste soknet i Surnadal, men viser imponerande statistikk. Her frå kyrkekaffen etter ei gudsteneste i sommar. Soknerådsleiar Kristian Harstad Gjeldnes (t.h.) serverer.

Litt om soknerådsvalg

Publisert Sist oppdatert

I skuggen av politiske valg har lokalkyrkja stemt på nye sokneråd. Eg tillet meg å supplere det lille som har vore av informasjon i media.

Eg fokuserer på Surnadal, som har fem sjølvstendige sokn (Øye/Ranes, Mo, Stangvik, Todalen og Åsskard). Kvar for seg har desse no valgt nye sokneråd frå 1. november.

Juridisk myndighet

Soknerådet er det grunnleggande, folkevalgte styringsorganet i kyrkja vår. Det delegerer ein del viktige oppgåver til fellesrådet, som består av representantar frå kvart sokn, prest og ein kommunal utsending. Kyrkjeverja leier den daglege drifta, men har ikkje juridisk makt. Det er stadig grunn til å minne om at den juridiske myndigheta er det soknerådet som har. Det tek også ansvar for gudstenestelivet, bestemmer opplæring for born og konfirmantar, organiserer omsorgstiltak (diakoni), evangelisering, kyrkjemusikk og i det heile «held kyrkja levande».

Til stor forskjell frå kommunestyret (som gjeld heile Surnadal) talar vi her om fem sjølvstendige sokn som kvar for seg er eigne valgområde. Øye/Ranes, Mo, Stangvik, Todalen og Åsskard er altså ikkje «valgkretsar» i eit større kyrkjeområde. Dessverre har nokre medieoppslag misforstått dette.

Deltaking

Stemmetalet må ein sjå anten (A) ut frå kor mange røysteføre det bur i soknet eller (B) ut frå avleverte stemmesedlar. Eksempla mine framhevar dei med flest stemmer i kvart sokn.

Øye/Ranes sokn har 2819 røysteføre kyrkjemedlemmar. (Av desse var det 227 som stemte.) Tilsvarande tal for Mo er 345 (63), Stangvik 464 (74), Todalen 214 (90) og Åsskard 488 (92).

Den prosentvise valgdeltakinga ved sokna i Surnadal: Todalen 42%, Åsskard 19%, Mo 18%, Stangvik 16% og Øye/Ranes 8%.

Flest stemmer

Stemmetal for «vinnaren» i kvart sokn: Øye/Ranes 309 stemmer, Mo 93, Stangvik 104, Todalen 122 og Åsskard 143. Ut frå soknets folketal (reknemodell A) gir dette følgjande prosentforhold. (Ettersom dobbeltstemmer er medrekna, blir prosent-talet relativt): Øye/Ranes 11%, Stangvik 22%, Mo 27%, Åsskard 29% og Todalen 57% (der Borghild Talgø og John Moe delte denne førsteplassen).

To portrettbilder. Ei dame og en mann.
Stor tillit: Borghild Talgø og John Moe i Todalen fekk begge 122 stemmer – tilsvarande 57% av folketalet i kyrkjelyden.

Like aktuelt er det å sjå prosenten ut frå innleverte stemmesedlar (B) – også her med «kumuleringar» (dobbeltstemmer). Da finn vi at den øvste i Åsskard, Eva Jorid Svendsen, fekk 143 stemmer (på avleverte 92 sedlar) – dvs. 156%. Tilsvarande: «Bestemann» i Mo 147%, Stangvik 141%, Øye/Ranes 136% og Todalen 136%.

Ei dame
Prosentvinnar: Eva Jorid Svendsen i Åsskard fekk 143 stemmer av 91 stemmegjevarar – dvs. 157%.
Ei dame
Maret Heggset fekk flest stemmer i det store soknet Øye/Ranes.

Naturleg nok vil kandidatar i store sokn oppnå fleire stemmer enn dei i småsokna – isolert sett. Men statistikken blir rett berre når ein forheld seg til folketal og oppslutning i soknet. At kandidatar i folkerike sokn får fleire stemmer enn dei i små menigheter, er like sjølsagt som at ein presidentkandidat i USA får fleire enn ein presidentkandidat på Island ...

Viktigast er det no at sokna har fått gode og sjølstendige råd og at deira status som styringsorgan blir respektert og ivaretatt.

Eg understrekar at mine utrekningar er uoffisielle og at eg har henta tala før eventuelle klager er innkomne.

Powered by Labrador CMS