Barn og voksne som som står i en ring inne i ei kirke, og gjør bevegelser med hendene til sang.
Songen «Guds kjærlighet» - med talande bevegelse.

Livleg kyrkjekveld

Ti smårollingar skapte ein levande Barnas Kyrkjekveld i Åsskard tysdag.

Publisert

Utforsking av kyrkjerommet, bibelforteljing om Den Gode Samaritanen, songar, lystenning og god kveldsmat var ledd i ei rikhaldig samling.

Kristenopplæring

Kyrkjekveldar som dette er del av soknets kristenopplæring – her med gruppa frå 5 til 7 år som gjestar. Trusopplærar Elsa Jensvold og soknets kontakt Randi Bøe leia det pedagogiske opplegget. Jane Svensli og Eva Jorid Svendsen ordna skikkeleg kveldsmat til avslutning.

Inntok kyrkjerom og utstyr

Fotojakt gjorde ungane kjende med kyrkjerommet. Bilete av døypefont, preikestol, kors og anna interiør var gjømt her og der. Men dei unge detektivane fann alle og la dei på rett plass. 

En døpefont i ei kirke, og et foto av den samme døpefonten, som står oppå den.
Biletet av døypefonten var bortgjømt, men gode detektivar fekk det på rett plass!

Deretter var dei på galleriet og fekk lyd i orgelet. Dei fekk også lov til å prøve kyrkjeklokkene – til stor fryd for somme, medan eit par av dei yngste skjerma ørene!

En mann ved et kirkeorgel og flere små barn rundt.
Organist Bernt får hjelp med tangentane.

Hjelpe kvarandre

På flanellografen viste Elsa dramaet om mannen som vart banka opp av røvarar. Prest og lærar ville ikkje hjelpe han. Det gjorde derimot ein som folk minst venta det av - ein framand frå Samaria. Fin lærdom mot diskriminering og om å hjelpe kvarandre når nokon mobbar!

Ei dame med bilder på en flanellograf, og små barn som ser på.
Gripande å høre om han som vart banka opp. Og så gledeleg at samaritanen hjelpte han!

Song, lys og kveldsmat

Etter litt song og leik vart det ei andektig stund ved globen. Her tente ungane lys som tegn på bøn og omtanke for kvarandre.

To damer og flere små barn rundt en kuppel med stearinlys i kirka.
Symbolhandling med andakt: Erik tenner lys for ein venn.

Avslutninga i Kyrkjestua, med frukt, brødskiver, salami, skinkeost, kakao og kaffe var eit høgdepunkt for alle ungane og deira vaksne. 

Flere barn og voksne rundt bord med kveldsmat.
Kveldsmat – med ei lita bokmesse attåt.

Amigos-gudsteneste og bokgåver

Søndag 18. februar blir samlinga følgd opp med familiegudsteneste. Da får 6-åringane «Mi Kyrkjebok», og det vankar bokgåve også til andre ungar som møter opp. 

Særleg spennande er det at Bodil Kvam Aasbø og barnegruppa Amigos vil leie gudstenesta saman med prost Vidar Rygh.

To damer på et kjøkken.
Eva og Jane serverte mat, drikke og frukt.
Powered by Labrador CMS