SpareBank 1 Nordmøre og Økonomipartner Nordmøre

Syv mennesker etter overrekkelsen av midlene.
SpareBank 1 Nordmøre og Økonomipartner Nordmøre gir midlar til Surnadal kyrkjelege fellesråd for å ansette fleire ferievikarer. Det er noko som blir satt stor pris på. Frå venstre Maret Heggset, Olav Gjerstad Lindvåg, Oddvar Væge, Alfred Blomstrand Harang, Martin Strand, Rolv Lysø og Liv Dalsegg.

Gir midlar til ferievikarer på kyrkjegardane

Publisert Sist oppdatert

Onsdag møtte Liv Dalsegg frå SpareBank 1 Nordmøre og Rolv Lysø frå Økonomipartner Nordmøre opp ved Øye kyrkje. Surnadal kyrkjelege fellesråd har sendt inn søknad om midlar for å dekkje fleire ferievikarar, noko dei fekk innvilga til stor glede for mange.

Øyremerka

SpareBank 1 Nordmøre har óg tidlegare gjeve midlar for å kunne ha ungdommar som ferievikarar. Det starta som eit spleiselag frå næringslivet og kommunen, som banken valgte å øyremerke til vedlikehald av kyrkjegardane. Det blei fint og ryddig og det fungerte godt.

I fjor støtta banken ferievikarane til kyrkja åleine, og i år er det eit spleiselag saman med Økonomipartner Nordmøre, som er regnskapskontoret for banken.

Dei gir no tilsaman støtte til Surnadal kyrkjelege fellesråd på kroner 40.000 kroner for å kunne ansette to ferievikarer i tre veker kvar i sommar.

Mykje å halde i orden

Maret Heggset er no i fjerde året som leiar i Øye og Ranes sokneråd og Oddvar Væge er kyrkjevaktmeister.

Dei fortel at Surnadal kyrkjelege fellesråd har seks kyrkjegardar å ta vare på. Det er mykje å halde i orden.

Det er frivillige som hjelper til, men ein kan ikkje belaga seg på at dei skal arbeide så mykje som det trengs for å halde kyrkjegardane velstelte. Det krevs blant anna klipping av gras og rydding.

Dei fortel at søppeldunkane er flytta ut frå kyrkjegardane då dunkane fort blir fulle, og det er det første folk sjer når dei kjem. No står dei utanfor murane; det ser mykje finare ut.

Mange besøkjer kyrkjegardane og gravplassane. Turistar tek bilete, og somme set seg på ein benk og slappar av. Det er særs fint når det er halde godt vedlike. Plassen og gravstedene betyr mykje for mange.

Etter god erfaring frå ungdommar tidlegare, sendte Surnadal kyrkjelege fellesråd søknad til banken i håp om å kunne få midlar til å ansette fleire ungdommar også i sommar.

Sommarjobbane blei lyste ut, og dei fekk god respons på utlysinga. Alfred Blomstrand Harang (16) og Martin Strand (17) trakk dei lengste stråa, og får no tre veker kvar.

Sommararbeidarane

Olav Lindvåg (20) er ansatt som ferievikar hos Surnadal kyrkjelege fellesråd. Han trives godt og er dreven. Han starta som 18-åring, så dette er hans tredje sommar her.

Det er variert arbeid, noko Olav set stor pris på. Nytt for året er at han skal få opplæring på og få ansvar som kyrkjetenar for nokre brudlaup.

Maret og Oddvar er glade for å fortsatt ha han på laget. Han har vore der to somrar tidlegare, og får skryt for at han er ein stabil arbeidskar. Han tek seg òg av dei to nye.

Alfred starta denne veka, mens Martin skal arbeide seinare i sommar. Han er her no for å få opplæring.

Velkomne

Det er einigheit om at feriejobbane er bra. Det er fint å jobbe med noko folk sjer man gjer. Det er interessant og praktisk arbeid, og det er fint å jobbe ute om sommaren.

-Det blir lagt merke til at dei gjer ein god jobb; folk ser og set stor pris på det. At kyrkjegardane og gravstedene er i orden og ser velstelte ut betyr mykje for folk.

Tre ungdommar
Olav Gjerstad Lindvåg (i midten) er fast sommarvikar, mens Martin Strand og Alfred Blomstrand Harang har fått kvar sine tre veker i sommar.

-Vi er kjempeglade for at ferievikarane har kome. Dei er velkomne, smiler den fornøgde leiaren i Øye og Ranes sokneråd.

Powered by Labrador CMS