Haustope i Svinviks arboret, med foredrag og kunstutstilling

Søndag 9. oktober blir det haustope i Svinviks arboret, med foredrag av forskar Duncan Halley frå NINA og opning av kunstutstilling med Sissel Halset Storslett.

På programmet:

" Invasiv rododendron i Norge - hybridisering, tilpasning, utbrudd og tiltak". Populærvitenskapeleg foredrag med forskar Duncan Halley frå NINA, Norsk institutt for naturforsking.

Om temaet: Bekjemping av forvilla rododendron

Svinviks arboret er mest kjent for den store samlinga av rododendron, som i dag består av ca. 375 ulike typer (arter, kultivarer og hybrider). Mange kjem til Svinvika for å oppleve den storslagne blomstringa i hagen på forsommaren, men samlinga er også ei kunnskapskjelde når det kjem til forsking på rododendron.

Forvilla rododendron.

Ein av kultivarane som grunnleggjar Halvor Svinvik kjøpte inn til arboretet frå Danmark allereie i 1934, Rhododendron brachycarpum, viste seg å trivast svært godt i arboretet, og nokre planter vart truleg også planta ut i området utanfor sjølve hagen. Eksemplar av denne, eller hybrider av den, har vore å finne i området rundt arboretet i alle fall sidan 1980-tallet. I løpet av dei siste åra har etablering av nye frøplanter auka i enkelte område, i takt med at eldre planter blomstrar og spreier frø som tilpassar seg det nye miljøet utanfor arboretet. Rododendronplantene etablerer seg lettast i område der bakken er forstyrra, f.eks. ved skogsvegar eller under kraftliner; men ofte finst dei også i skogen.

På bakgrunn av dette har Stiftelsen Nordmøre museum/Svinviks arboret i samarbeid med NINA søkt og fått tildelt midlar frå Miljødirektoratet til et prosjekt for å starte bekjemping av forvilla rododendron i 2021 og 2022. Det har allereie i løpet av desse to åra vorte fjerna eit høgt antal planter og den årlege frøspreiinga frå dei forvilla plantene er kraftig redusert. Duncan Halley forskar ved NINA i Trondheim viser til korleis utviklinga av forvilla rododendron har fått store konsekvensar for skogbruket i Storbritannia og Irland dei seinare åra. For å unngå ei liknande utvikling er det viktig at aktive tiltak blir iverksett før rododendronen etablerer seg på eit for stort område, og gjennom vidare naturleg utveljing frå den forvilla formens genetiske materiale, blir enno mer invasiv (Halley 2018). Årsaka til at ein ønskjer å bekjempe ei slik utvikling er at ein tett og einsarta rododendronskog vil kunne fortrenge annan vegetasjon og den er heller ikkje er foreinleg med økonomisk aktivitet som skogbruk eller beiting. Det har difor vore viktig å kome i gang med dette arbeidet no, og ikkje vente. Vi er glade i rododendron – men den passar best innafor hagegjerdet! Prosjektet er det første i sitt slag her i landet, og vil kunne gi ny kunnskap om rododendron i framtida.

Om foredragshaldaren:

Duncan Halley er forskar ved NINA (Norsk institutt for naturforsking) i avdeling for terrestrisk naturmangfald. Avdelinga har som oppgåve å forske på naturmangfald på land og forholdet mellom naturlege økosystem og menneske. Arbeidsfeltet til Halley er breidt og han har dei siste åra har mellom anna leia eit prosjekt med gjeninnføring av havørn i Irland.

Måleri av Sissel Storslett Halset

Opning av utstilling med måleri av kunstnar Sissel Storslett Halset

Om kunstnaren/utstillinga:

Sissel Halset Storslett er busett i Todalen i Surnadal kommune og har utdanning frå Noregs kunsthandverkarskule på Voss og Statens Handverk og Kunstindustriskule i Oslo. I seinare år har ho i hovudsak nytta akrylmaling som medium for å uttrykke seg. Ho let seg inspirere av overflatestruktur og organiske former, og arbeider på ein intuitiv måte med fargar i prosessen fram mot ferdig måleri. Dette er første gongen fjøset i arboretet blir nytta som utstillingslokale på denne måten, dei grove murveggane skapar flotte kontrastar til dei fargerike måleria til Sissel.

Utstillinga er ei salsutstilling, og vil vere open i veke 41 (haustferien)

__________

Haustope i Svinviks arboret
- med foredrag og kunstutstilling

Svinviks arboret, søndag 9. oktober

· Kl. 13.00, i kafeen: " Invasiv rododendron i Norge - hybridisering, tilpasning, utbrudd og tiltak". Populærvitenskapeleg foredrag med forskar Duncan Halley frå NINA, Norsk institutt for naturforsking.

· Kl. 14.30, i fjøset: Opning av utstilling med måleri av kunstnar Sissel Storslett Halset
Utstillinga er ei salsutstilling, og vil vere open i veke 41 (haustferien): Mån 10.10 - tors 13.10: kl. 16 - 18. Fre 14.10 - søn 16.10: kl. 12 -18.


· Sommarutstillinga vår «Store lille verden» av fotograf Jörg Brunke kan du også fortsatt sjå. Den består av ein serie med makrofotografi av insekt og sommarfuglar, og har biologisk mangfald som underliggjande tema.

· Hagen er sjølvsagt open – og har flotte haustfargar.

· Kafeen er open under arrangementet – med eplekake og kaffe.

Ansvarleg arrangør: Nordmøre museum, Svinviks arboret

Store lille verden

ANNONSE:

Kort om Svinviks arboret:

Svinviks arboret er ein museumshage ved Todalsfjorden i Surnadal kommune, bygd opp av Halvor og Anne Svinvik tidleg på 1940-talet. Hagen er mest kjent for den store samlinga av rododendron, men har også ei stor samling av bartre, ein stor frukthage, prydbuskar og stauder. Svinviks arboret er eigd av Surnadal kommune og inngår i Nordmøre museum si avdeling i Surnadal, som er ansvarleg for den museumsfaglege drifta innan formidling, forvaltning og forsking. Fact: Click to add text

Powered by Labrador CMS