Kunstveka 2022

Anne Marie Rognskog

Populær PopUp

Laurdag arrangerte Surnadal kunstforening PopUpustilling som ein del av kunstveka 2022. Seks lokale hobbykunstnarar stilte ut arbeider i foajeen på Kulturhuset.

Publisert

-Plana var å ha utstillinga nedmed elvamelen i Svartvassområdet, sier Anne Marie Rognskog i Surnadal kunstforening. På grunn av vêret vart det bestemt å flytte ho hit til foajeen. Vi syntes det vart ei god løysing.

Tilstrøyming av publikum var jamn gjennom dei tre timane utstillinga varte.

Måla heile livet

Anne Grete Kvendset og Rannveig Brøske er to av dei som benytta anledninga til å vise fram bileta sine. Dei har begge mange år bak seg som hobbykunstnarar.

-Eg har teikna sidan eg var dråkunge, sier Anne Grete. Eg har ein del målarar og teiknarar i slekta, og fekk alltid låne måling heime. Det er så rart med det, den ein har gjort sidan ein var unge, fortset ein gjerne med.

Kvendset gir Jon Arne Mogstad mykje av æra for eiga utvikling.

-Eg har gått utallige kurs med Jon Arne gjennom åra, og har lært utruleg mykje av han. Han begynte å halde kurs i Surnadal i feriane sine allerede då han var kunststudent.

Anne Grete minnest og Midtnorsk Kunstfestival på Innerøya med glede. Der har ho vore fleire gonger. Der kunne ein melde seg på kurs, hente inspirasjon hos andre, og halde på litt sjøl.

Hobbymålaren har stilt ut bilete utallige gonger. Mange gonger på Lauvfall, Surnadal kunstforening si medlemsutstilling, men og andre stader rundt i distriktet, som Tingvoll, Rindal, Sunndal og Molde. Til Molde har ho vore invitert fleire gonger i seinare tid og, kan ho fortelle, men ho har ikkje nytta seg av tilbodet dei seinaste åra, men frå atelieret heime på Reppen i Stangvik kjem det stadig nye produksjonar.

Anne Grete Kvendset

-Måtte finne på noko

Rannveig Brøske har og måla i mange år, sjølv om ho starta noko seinare enn Anne Grete.

-Vi flytta til Stockholm i 1996, der mannen min var prest i sjømannskirka. Eg gjekk frå 100 prosent stilling på vidaregåande til ei 20 prosent stilling i Stockholm. Då måtte eg finne på noko i tillegg, seier Rannveig.

Valet fall på måling; ho hadde behov for å gjere noko kreativt. Ho melde seg på kurs, syntes det var veldig lærerikt og dermed var interessa fødd.

Triveleg på PopUp: Rannveig Brøske og Anne Grete Kvendset

I 2002 gjekk turen til Paris for Rannveig og mannen Torbjørn, der fortsette ho å måle, tok målartimar kvar veke, og fekk lære mange ulike teknikkar. Framleis jobbar ho på fleire måtar, prøver seg fram, og gjer mykje forskjellig.

Heime i Stangvik har ho etablert seg i fjøset med målarsakene.

-Torbjørn har innreidd sauefjøset heime til målarrom åt meg. Eg synes eg er heldig som har eige atelier, det er alfa og omega for meg. Der slepp eg å rydde bort alt kvar gong. Det er veldig praktisk.

Rannvig hadde ikke noko spesiell plan om å bli målar.

-Det er rart kor tilfeldig det er at ein startar med noko. For meg var det rett og slett for å unngå å kjede meg. smiler Rannveig.

Rannveig Brøske

Neste stopp på utstillingsfronten for både Rannveig og Anne Grete er Lauvfall på september. Planlegginga og jobben med å ferdigstille bilete er allerede i gang.

Britt May Hollås
Anne Vognill Einum stilte ut både foto og kolstift-teikningar
Eit av Anny Wigum sine grafiske trykk med motiv fra Øra

-Artig å sjå bredden

Lilli Husby stilte med måleri og blyantteikning

Elin Persson var ei av dei som tok turen innom Kulturhuset for sjå utstillinga.

-Vi vart oppmerksomme på at det var PopUp-utstilling i dag, og syntes det var artig å sjå så mange lokale kunstnarar samla på ein gong.

-Det var også artig å sjå miksen av profesjonell kunst og det amatørene viser fram. Det gjev ei heilheitleg opplevelse, seier Elin, og siktar til utstillinga med bilete av Kåre Henriksson i Finstua.

Persson synes det er artig å sjå at det er brukt ulike teknikkar, det gir ei variert utstilling.

-Dette er eit bra tiltak.

PopUp er eit bra tiltak, meiner Elin Persson

Reiste heim med bisp

Anne Grete Kvendset drog heim med eitt bilete midre enn ho kom med laurdag. Anne Marit Eikeset fall for eit av bileta hennar, og tok det med heim til Bergen.

Biletet er av fjellet Bispen i Romsdal, fortel Kvendset.

-Det er artig å få solgt bilde, sier Kvendset. Kjekt at det ein held på med blir sett pris på.

Anne Marit Eikeset (til høgre) kjøpte "Bispen" av Anne Grete Kvendset
Powered by Labrador CMS