Trollheimstankar

Irene Bolme.

De nære ting

Publisert Sist oppdatert

Denne songen er mamma og min sin, ho spela gitar og så song vi saman. Da eg var lita måtte eg konsentrere meg om å ikkje miste melodistemma når mamma gjekk over til andrestemma, smiler Irene Bolme. Etter at eg har vorte eldre har teksten fått større meining for meg.

Dei du er glad i

Songen Irene vil dele med oss er « De nære ting» av Arne Paasche Aasen. Vi spør henne kva slags tankar som dukkar opp når ho les teksten.

– Eg tenkjer at ein ting teksten handlar om er at vi ikkje må hige etter det vi ikkje har. Mange blir aldri tilfreds, dei vil ha meir, komme høgare og lenger og vera rik på den måten. Det som er verd noko i livet er dei du er glad i, seier Irene.

Første gong Irene fekk kjenne dette på kroppen var da dotter hennar vart alvorleg sjuk og måtte på sjukehuset. Ho var berre ni år og fekk diabetes.

– Da eg var på sjukehuset brydde eg meg ikkje om noko anna enn dotter mi. Eg forsto kor lite pengar og jobb betyr for meg når eg såg dotter mi i sjukesenga. Du får ikkje til å betale eit liv, seier Irene.

– Eg var så utruleg takknemleg for at vi bur i velferdsstaten Noreg. Vi var på sjukehuset i ti dagar og heile familien vart teke vare på. Tenk kor mykje dette hadde kosta om vi hadde måtte betalt for det sjølv!

– Nå så toille!

Irene fortel om ein fin og trygg oppvekst i Øvre Surnadal med ei mor som alltid var heime og ein far ho aldri har høyrt sagt eit vond ord om noko eller nokon. I feriar og i helgar var dei på hytta eller i Snillfjorden der far hennar kom frå. Å reise andre plassar var det ikkje snakk om.

– I Stangvika budde trimenningen til mor, Ingeborg Nygård, og der var vi på besøk. I stua hennar var det bilete frå alle plassane ho og mannen hadde reist. Bilete var så mange at dei var hengt opp både over og under vindauga, fortel Irene.

– Eg var så fascinert, eg og ville reise og sjå andre land, men der var eg og mor ulike, seier Irene. «Nå så toille!», det fekk eg høyre mykje frå mor, men det eg brydde meg ikkje om.

– Eg er uredd og litt naiv

Irene og mannen hennar Oddbjørn har reist mykje. Saman med barna og andre familiar, har turane gått til land og små plassar rundt i Europa som ikkje står reklamert for i verken Ving eller Tui sine brosjyrar.

– Vi har opplevd mykje og ungane har alltid vore med. Eg er uredd og kanskje litt naiv, men det er eg glad for. Eg stolar på folk, og dei aller fleste ein møter vil deg da vel, seier Irene. Eg har vorte rundstole tre gonger, så eg skulle kanskje lært, men eg er fortsatt naiv, seier Irene og ler.

Hun tenkjer at songen handlar om nettopp dette også, at ein ikkje skal ta seg sjølv så høgtideleg. Stole på seg sjølv og dei i rundt seg. Ikkje ta alt så alvorleg, men halde seg til det som er viktig i livet og vera glad for alt ein har og får oppleve.

Oppi liå

Irene trives ute, i skogen, på fjellet eller oppi lia over heimen hennar.

– Å gå oppi lia er terapi for meg. Da får eg til å puste godt og se på stort og smått i naturen.

Irene i Urke, på tur til Egilbu.

Av sonen Gøran lærer ho mykje om dyr og planteliv.

– Veit du kva kjerringspytt er? Du kan sjå det på myrer på fjellet. Dersom du går heilt nærme kan du sjå ei lita grøn lus. Det er ho som ligg der å spyttar, seier Irene. Skomsikade heiter lusa.

– Eller om du sett deg ned og leiter kan du finne ein liten sopp som heiter Skarlagen vårbeger. Han veks i myr og mark og ser ut som eit lite vinbeger. Slike ting blir eg veldig fascinert av. Når ein går rundt slik og funderer får ein ikkje ein negativ tanke, smiler Irene.

Mora blir sjuk

Mor til Irene, Brit, vart sjuk.

– Sjukdommen kom sigande, ho hadde nok demens i fleire år utan at vi merka det, fortel Irene. Eg forsto at noko var gale den dagen ho svara «Det e ikkje så neie». Ho som alltid hadde hatt alt på stell og plutseleg var det ikkje så nøye?

Irene Bolme og mora Brit

Sjukdommen vart verre og verre og ein dag kom Brit springande til Irene. Far til Irene hadde fått eit illebefinnande. Brit låg over med Irene og dei delte seng. Ho som var så forvirra til vanleg var heilt klår den natta og dei forsto begge at ho ikkje kunne bu heime lenger.

Sjukdommen forandra humøret og personlegheita til Brit, men den siste tida var ho berre blid og kjente godt igjen både barn og barnebarn som kom på besøk.

– Ho lyste opp når vi kom og hadde fått tilbake den gode humoren ho hadde før ho vart sjuk. Det var så rart å sjå at ho vart liggjande. Ho som alltid har vore så aktiv og no kunne ho ikkje gå på tur og gjera alt ho eingong var så glad i. Livet er skjørt, seier Irene.

– Ta eigne val

– Det er ikkje berre fest, ein må rekne med både gode og dårlege dagar. Ein må læra å nyte kvardagen, seier Irene. Det er viktig å roa seg ned og ikkje stresse så mykje med kva dei andre gjer og korleis dei andre har det.

Irene har aldri vore interessert i interiør og mote. Ho vil ha det slik ho sjølv tykkjer er best og ikkje la seg leia av kva andre meiner.

– Det er ikkje ofte vi pussar opp, men eg fekk meg nytt bad for nokre år sidan, da kjentes det som eg budde på hotell eit heilt år etterpå, fortel ho. Det er kvardagslykke, det!

– Ein av dei viktigaste lærdommane eg har prøvd å lære barna mine er å tørre å ta eigne val, og ikkje spørje seg sjølv kva andre tenkjer og meiner, men stole på seg sjølv. Eg har aldri forstått det eg, om nokon snakkar stygt om meg, da trur eg berre dei tullar eg, veit du, ler Irene.

Powered by Labrador CMS