Inviterer til glitrande storbandkveld
Surnadal Hornmusikk med songarar, band og dansarar inviterer fredag og laurdag til «storbandkveld» i Storstuå på Surnadal kulturhus. Her blir det mykje glitter, både musikalsk og på antrekka.
Konferansier Ingebrigt Løfaldli guidar publikum gjennom ein musikalsk kveld inspirert av New Yorks musikalske uteliv.
Feeling Good
Allereie når Håkon Solem, saman med hornmusikken, i andre nummeret framfører "Feeling Good", forstår ein at dette blir ein skikkeleg bra konsertkveld med lokale musikarar på høgt nivå.
Surnadal Hornmusikk med solistar, band og dansarar
Det er Surnadal Hornmusikk med sin dirigent Einar Sødergren som har regien for storbandkvelden. Dei har fått med seg mange dyktige lokale musikarar og dansarar.
Toril Moe, Silje Beate Holten, Ingrid Ranes, Øystein H. Bondhus, Håkon Solem og Halvor Drøpping er solistar under storbandkvelden på kulturhuset.
I bandet har dei fått med seg Gard R. Nødset (slagverk), Rune Dalager (gitarar), Rolf Paulsen (tangentar) og Torbjørn Kvande (bass).
Dansarane Stine Valde og Ranje Hoem krydrar det heile med sine dansar.
Variert musikalsk program
Det musikalske, har som tidlegare nemnt, henta mykje av den musikalske inspirasjonen frå New York, men ein får også andre og norske innslag. Eit variert og fint samansett musikalsk program. Ein kan her nemne "All Of Me", "Putting On The Ritz" og "Big Spender".
Det heile blir avslutta med at Halvor Drøpping syng "New York, New York".
Det har nok gått med nokre øvingstimar før generalprøven torsdag kveld, for generalprøven vart gjennomført utan "feilskjer" og er nok eit bevis på at det er mange flinke lokale musikarar.
Storbandkvelden kan ein altså få med seg på Surnadal kulturhus fredag og laurdag.