Kunstnarisk leiar for Stangvikfestivalen Sigrid Vetleseter Bøe.
Kunstnarisk leiar for Stangvikfestivalen Sigrid Vetleseter Bøe.

– Eg får gåsehud av Frode Fjellheims bestillingsverk!

Publisert Sist oppdatert

Trollheimsporten tok ein prat med kunstnarisk leiar for Stangvikfestivalen Sigrid Vetleseter Bøe før torsdagens operapub i Todalen. Ho fortel ivrig om årets festivalprogram, festivalkomponist Frode Fjellheim, festivalkunstnar Siri Skjerve og om sitt beste festivalminne.

– Korleis har festivalveka vore så langt?

– Hittil må eg seie at det har gått veldig bra, vi var i gang på sundag med felles middag og øvingar til festivalens konsertar. Fleire av dei tilreisande musikarane kjenner ikkje kvarandre frå før, men alle har eit musikalsk lynne så dei kjem godt i hop. Det handlar om å finne det som er felles for dei alle, det er mykje av folkemusikken frå breiddegradane som er likt og alle snakkar det same musikalske språket. Vi har stått på heile dagane med festivalen, også er det sjølvsagt kjekt å sjå at billettsalet går godt.

– Årets festival har eit mangfaldig program, har du begynt å tenkje på 2024 allereie? Er det nokon av konsepta du vil ta med vidare?

– Ja, nokon av konsepta tek vi med vidare, og vi har begynt å tenkje på 2024. Eg har aldri arrangert ein festival eller noko liknande før, så eg lærar mykje heile tida. Eg er mest van med å jobbe med pianistar, så å jobbe med andre instrumentalistar er både nytt og spennande. Eg ser ikkje bort frå at noko av mine eigne prosjekt vil bli presentert, men sjølve kjernen i festivalen vil vi sjølvsagt behalde.

– I media kan lese om at fleire festivalar manglar frivillige, korleis er stoda hos Stangvikfestivalen?

– Her manglar vi ikkje frivillige, og vi er veldig takksam for dei som stiller. Det hadde ikkje gått utan dei fastbuande, hyttefolket og dei tilreisande. Heile styret som lagar festivalen jobbar også som frivillig i tillegg til styrearbeid.

– Du har sikkert tjuvlytta på øvingane til konsertane, kva kan du sei om dei? Kva kan folk venta seg?

– Eg vil nemne fredagens «Casino Royale», då har vi rett og slett «gaming night». Her vil publikum få høyre alt frå opera til Lady Gaga, vi streifar også innom country. Konserten er utseld, så dei som kjem vil få ei stor oppleving. Under kammerkonserten på fredag på prestegarden i Stangvik vil publikum få bli kjent med fleire av musikarane, både i solo og ensemble. Seinare same kveld har vi «den ökande familjen» av den svenske kunstnaren Andreas Brännlund. Improvisatorisk og visuelt sett saman, der eg sjølv skal heisas opp 6 meter over bakken. Eg må trekke fram vår fantastiske festivalkunstnar Siri Skjerve, vi er veldig glad for at vi har fått med ho. Kunsten ho driv med er garantert noko folk ikkje har sett maken til, spennande kunst på høgt nivå. Både kunstutstillinga og «den ökande familjen» har gratis inngang.

– Kva gler du deg mest til å framføre under festivalen?

– Eg gler meg mest til å framføre bestillingsverket til Frode Fjellheim i Stangvik kyrkje laurdag 18:00. Det er framleis ledige billetter til konserten. Eg får gåsehud av å høyre og framføre verket han har skrevet. Det er stort å få vere ein del av eit større ensemble, vi gjer noko i lag og det kjennest veldig bra. Spesielt må eg nemne 3. satsen, og korleis han har bygd opp melodien rundt breiddegradane 6263. Vi er stolte over å ha fått Frode Fjellheim som festivalkomponist, vi har forsøkt lenge med å få han hit. Etter fleire avslag fekk vi endeleg ja på den siste søknaden om stønad. Laurdagskvelden i Bondehuset må eg få nemne, tenk at vi har fleire av dei beste musikarane som skal spele musikk av noko av dei beste komponistane frå breiddegradane 6263. Nokon av komponistane er også her under festivalen.

– Er det nokon av konsertane du sjølv får vere publikum?

– På sundag skal eg vere artistvert under «Kaffekonserten», også skal eg få med meg familiekonserten på laurdag 14:00. Begge konsertane anbefaler eg, særleg den på laurdag passer ypparleg for barnefamiliar.

– Korleis er det å opptre heimebane?

– Eg bur og arbeider i Stockholm, men er for tida engasjert av Opera Warberg med operaen «Don Giovanni». Eg kan tenkje meg at vikaren min i «Don Giovanni» har nok å halde på med. Men for meg er det alltid viktigast å opptre på heimebane, det er her eg lærte meg å vere utøvar. Det kjenst riktig på alle moglege måtar å opptre på heimebane.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Her må eg tenkje godt om, men eg må seie onsdagens festivalopning i Bøfjorden. Når heile publikum reiste seg og song «Bøfjordsongen» vart eg både stolt og rørt. Eg spurte mannen min om han kunne arrangere songen for blåsekvintetten vi har her under festivalen, noko han sjølvsagt gjorde. Den ble øvd inn ens ærend for onsdagens konsert, at eg fekk synge denne med kvintetten var heilt fantastisk, det gjorde meg særs lykkeleg.

ANNONSE:

Festivalprogrammet kan du sjå her: https://stangvikfestivalen.no

Powered by Labrador CMS