Programmet for Vårsøghelga 2021 er klart:

Styreleiar Rune Dalager (t.v.) og dagleg leiar Anders Larsen i Laget Vårsøg.

Mor og dotter Skorgan toppar innhaldsrikt Vårsøghelg-program

Når Vårsøghelga 2021 går av stabelen 27.-30. mai, byr Laget Vårsøg på eit program spekka av kvalitet. Anita Skorgan og dottera Sara Skorgan Teigen skal stå saman på Kleiva-scena, og sistnemnde vert og årets festivalkunstnar.

Torsdag 27. mai åpnar arrangementet med ei nyvinning: Vårnattkonsert i Stangvik kyrkje. Erling With Aasgård og Tor Erik Jenstad står for underhaldninga under konserten, som skal starte klokka 23.00.

– Ideen er at vi skal spele oss inn i Vårsøgnatta. Erling er ein av dei beste organistane i Europa, og Tor Erik har fått heilt frie tøylar når han skal binde alt saman, seier dagleg leiar i Laget Vårsøg, Anders Larsen.

Eit viktig satsingsområde for Vårsøghelga er barn og unge. I 2021 vert heile fredag formiddag under festivalen via til denne gruppa.

I tillegg til skulekonsert med Taffelpikene ved Mo oppvekstsenter og barnehagekonsert med rockebandet Mandarinsaft i Storstuå, vert både 9. og 10. trinn inviterte til den tradisjonelle «Henningtimen». Dette fordi den vart avlyst i 2020.

– Det at Taffelpikene kjem, er eit godt døme på Henning Sommerro sine kvalitetar som kunstnarisk leiar. Dei held til i Oslo, og Henning har komponert musikk for dei. Dei har lenge vore ønska til Vårsøghelga, og denne gongen passa det. Klarinettisten har anar frå Mo, så det er ei sterk surnadalskobling der, smilar Larsen, som legg til at Taffelpikene også skal spele under to-tre av dei andre konsertane.

Den daglege leiaren rosar jobben Sommerro gjer for Vårsøghelga.

– Henning har engasjert seg mykje i det arbeidet som har vore gjort i styret i år, og komme med innspel både til kunstnariske ting, styremessige ting og søknader. Vi spurte han rett ut om han såg for seg å bli med vidare i framtida, og svaret vi fekk er at han er topp motivert for å halde fram arbeidet med festivalen sin.

Polkabjørn & Kleine Heine til billaget

Den formelle opninga av Vårsøghelga 2021 skjer fredag ettermiddag, med foajekonsert i Surnadal kulturhus. Her skal elevar frå Surnadal og Rindal kulturskule i aksjon, truleg med eit Jahn Teigen-prosjekt.

Det har samanheng med at konserten vert avslutta med utstillingsopning i Finstuå, ved Jahn Teigen si dotter, festivalkunstnar Sara Skorgan Teigen.

– Ho har fotoutdanning frå Danmark og York, og blir ferdig med ein bachelorgrad ved kunsthøgskulen i Oslo. Akkurat kva ho kjem med veit vi ikkje, men det er interessant å få med nokon som er på veg opp og fram, seier styremedlem i Laget Vårsøg, Jon Arne Mogstad.

Han kan allereie no røpe at Skorgan Teigen i tillegg har takka ja til å vere såkalla Artist in Residence – der ein kunstnar kan jobbe og opphalde seg i noko anna enn sitt vante miljø – i Surnadal billag i mai 2022.

– Sara vil og bidra musikalsk på fojaekonserten, og det same gjer fleire andre festivalartistar, seier Anders Larsen.

Fredag kveld blir det, tradisjonen tru, arrangement i Surnadal billag. Der gjentek Vårsøghelga 2021 den opprinnelege bookinga frå 2020, med Polabjørn & Kleine Heine frå Tomrefjord.

– Her vil det og komme ein artist til, men denne er per no ikkje bekrefta, seier Larsen, som trur på ein kjempekveld på billaget:

– Ja, dette er det berre å glede seg til!

Storkonsert i Surnadal Sparebank

Laurdag formiddag blir det yoga og musikk med Marit Løfaldli og Ronny Kjøsen.

– Ronny er ein heilt utruleg musikar, så å få til ein konsert med han i Stangvika blir heilt fantastisk, seier Anders Larsen.

Han fortel at det og blir og kulturtorg og Drivadebatt.

– Tema for debatten er ikkje bestemt enno, seier styreleiar Rune Dalager.

På dagtid laurdag vert det og konsert i Surnadal Sparebank, i samarbeid med Paul Okkenhaug-selskapet, med Mari Lunnan i spissen. Kunstnarisk leiar Henning Sommerro sin idé bak konserten er å poengtere likskapen mellom Hyldbakk og Okkenhaug, som mellom anna har skrive musikken til «Spelet om Heilag Olav».

– Vi vil samarbeide godt med sponsorane våre, og i banken skal vi ha konsert med den fenomenale cellisten Øyvind Gimse. I tillegg blir mellom anna John Pål Inderberg med, medan Holger Skei dukkar opp for å synge ei revyvise, seier Larsen.

Av programmet går det fram at også Hedda Hansen Berg, Taffelpikene og elevar frå Surnadal og Rindal kulturskule skal i aksjon under konserten i Surnadal Sparebank.

Innhaldsrik Kleivakveld

Vårsøghelga 2021 byr sjølvsagt og på eit gjensyn med den tradisjonsrike Kleivakvelden.

Hovudartisten her er Anita Skorgan.

– Det er ei Henning har lyst til å få hit lenge. Ho er ein ekte musikar og kunstnar, med heile spekteret frå barnestjerne via klassisk utdanning til stor artist, seier Anders Larsen.

På Kleivascena får ho altså og med seg dottera Sara Skorgan Teigen.

– Då får vi altså oppleve mor og dotter Skorgan på Kleiva. Det kjem til å bli heilt magisk, seier Larsen.

Det blir og lokale innslag på Kleiva, ved koret VOX, utdeling av Kleivapris, diktseanse leidd av Svein Sæter og Surnadal Hornmusikk, som fyller 125 år i 2021.

– I tillegg ligg det an til ei avduking/overrekking av eit musikk-klenodium frå Surnadal, seier Larsen.

– Vi vil ikkje røpe særleg meir om det no, men kan seie så mykje som at det er snakk om ein instrument med mykje lokal historie i seg, seier styreleiar Dalager.

Etter Kleivakvelden håpar Laget Vårsøg å få til eit mat- og musikk-arrangement med Live Krangnes Edvardsen ved Thon Hotel Surnadal, og etterpå snurrar Ole Magne Ansnes vinyl i Sandeman.

Anders Larsen og Rune Dalager.

Eggen og By Rise kjem

Søndag 30. mai startar med Boksøg med Svein Sæter og Møre og Romsdal forfattarlag. Samarbeidet med forfattarlaget er nytt av året.

– Med hjelp frå dei har vi tenkt å klekke ut nye idear for boksøget denne gongen. Dette samarbeidet viser at vi blir sett på som ein seriøs aktør i festivalbransjen, og at vi vert lagt merke til utanfor bygda.

Akkurat det er noko Laget Vårsøg har jobba mykje med, fortel Larsen.

– Sjølv om vi bur i ein kommune med 6000 innbyggjarar, har vi ei bygd, eit næringsliv og festivalar vi kan vere stolte av. Men vi må ikkje ta noko for gjeve – vi må sette pris på det vi har, og sjå verdiane av det, seier han, og legg til at hovudmotivasjonen hans for å jobbe med Vårsøghelga er at Surnadal skal bli ein endå meir attraktiv plass å besøke og bu i.

Det har Laget Vårsøg bidrege til mellom anna ved å gje støtte til russerevy 2021 og til Surnadal ungdomsklubb.

– Vi vil vise at vi bryr oss om ungdommen, seier Larsen, medan Dalager supplerer:

– Ja, dei er veldig viktige for oss.

Ungdommen får vere med og sette sitt preg på Vårsøghelga 2021. To-tre ungdommar vil nemleg få ansvaret for ein såkalla «takeover», der dei vert redaktørar for Vårsøghelga sine kontoar på sosiale medier.

– Det trur vi vil vere med på å gje eit heilt anna perspektiv på Vårsøghelga, seier Larsen.

Vårsøghelga 2021 både startar og avsluttar i Stangvik kyrkje. Under avslutningskonserten får publikum sjå og høyre Hedda Hansen Berg og Beate Mordal.

– Hedda veit vi kva står for, og ho er så lokal som ho kan bli. Beate er ein av landets beste sopranar. I tillegg blir dei to herrane Ola By Rise og Nils Arne Eggen med. Nils Arne er stor Surnadal- og Hyldbakk-fan, seier Larsen.

Fornøgde med programmet

Laget Vårsøg har planlagt ut i frå eit koronascenario der restriksjonane gjer det mogleg å ha 50 personar i Stangvik kyrkje, og mellom 200 og 600 på Kleiva.

– Både økonomisk og planleggingsmessig har vi hatt koronapandemien i bakhovudet, seier Larsen, medan Dalager legg til:

– Vi føler at vi med det opplegget vi skisserer er innanfor, reint økonomisk, sjølv om kapasiteten skulle bli avgrensa.

Både Larsen og Dalager er godt fornøyde med programmet for 2021:

– Eg tykkjer vi har ein fin miks av nasjonale og lokale artistar, og at vi har eit program som og kan treffe ungdommane, seier Dalager.

– Ja, det er kanskje offensivt å legge opp til eit så omfattande program når situasjonen er som den er, men kontrakten min som dagleg leiar går ut 1. september, så skal eg få til ei Vårsøghelg må vi berre køyre på no, smilar Larsen, og legg til:

– Så veit vi at Henning aldri firar på krava når det gjeld kvalitet, og for oss som jobbar med dette er den kvaliteten som ligg i botnen ein viktig del av motivasjonen.

Avisa Driva skreiv onsdag om at Kulturrådet reduserer støtta til Vårsøghelga frå 80 000 til 50 000 kroner.

Anders Larsen fortel i samband med presentasjonen av programmet at reduksjonen ikkje gjev bekymring for arrangementet på kort sikt.

– På lenger sikt er det likevel bekymringsfullt at Kulturrådet har redusert støtta til Vårsøghelga. Dette må vi jobbe vidare med, for vi jobba godt med søknaden vår, og var i grunn frykteleg godt fornøgde med den, seier han, og fortsett:

– Vi meiner vi har livets rett, og at Vårsøghelga kan konkurrere med mange større festivalar. Vi skal snu kvar ein stein for å sikre god støtte frå Kulturrådet, som vi er avhengige av.

Mykje på gang i spesielt år

Anders Larsen, Rune Dalager og Jon Arne Mogstad fortel at 2020 har vore eit spesielt år også for Laget Vårsøg.

– Vi følte vi gjekk ut med eit kjempebra program, der 99 prosent naturleg nok vart avlyst. Då måtte vi velje om vi skulle legge oss ned eller tenke offensivt, og vi valte det siste. Så vi har hatt eit år med veldig mykje godt styrearbeid, seier Larsen, som rosar Dalager:

– Det er fint at vi med Rune, slik vi og hadde i Tor Rune Halset, har fått inn endå ein styreleiar, som brenn slik for festivalen.

Larsen fortel at Laget Vårsøg har mykje på gang. Mellom anna har dei framleis ein ståande avtale med Åge Aleksandersen og TrondheimSolistene om konsert, så fort koronasituasjonen tillet det. I tillegg har dei søkt om å få gjere om skuret på Kleiva, som tidlegare var lager for den gamle scena, til eit backstageareal.

– Det vil kunne gje rom for at ein kan arrangere fleire kulturarrangement på Kleiva. No står scena der permanent, og burde absolutt vorte brukt meir.

Billettsalet til Vårsøghelga 2021 startar i løpet av mars månad

Powered by Labrador CMS