Vårsøghelga 2022

Skjemt og alvor i Stangvikkjerka

Oslo strykekvartett opna konserten i Stangvik kyrkje med glimrande samspel med eit klassisk stykke av Beethoven og eit stemningsfullt stykke arrangert av cellisten, før Hjalmar tona inn.

Publisert Sist oppdatert

Det var riktignok ikkje Hjalmar som kom inn, men Trond-Viggo Torgersen, og det var munter gjenkjenning hos publikum. Dermed var stemninga sett for konsertstunda.

Vi som hører på Nitimen på NRK P1 visste at Trond-Viggo har hatt stemmeproblemer, for det har vi hørt! Han fortalte at han for ei veke sidan fekk store problemer med stemmen, men at han hadde fått god hjelp med det. Særleg rosa han, legen, ein fysioterapeut. Det var ingen problem i Stangvikkjerka.

Vi fekk høre litt om den musikalske danninga hans. Han lærte piano hos ein organist. Hos han fekk Trond-Viggo oppleve Bachs Toccata og fuge frå innsida av orgelet i lag med pipene. Der bråka det sterkt, hugsar han. Trond-Viggo Torgersen understreka i den samanhengen at han hadde stor respekt for kyrkjerommet

På veg til Surnadal hadde han passert Rindal og registrert slagordet "Tid til å leve".

-Kjempekjedeleg! sa han.

Med vekt på å leve kopla han slagordet opp mot å dø, - kjedeleg, sa han, medan vi som lever med det legg vekta på tid. Skribenten tok ein alvorsprat med han på bakrommet etter konserten. Det gjekk bra.

Konserten heldt fram med ei vise om familien, ulike familier. Arne fra tradisjonell kjernefamilie og andre som hadde andre samansetningar. Konklusjonen var at alle likte familien sin like godt.

Under visa "Det var en gang", den med alle dei rare lydane, presterte musikarane heilt nye lydar frå instrumenta sine, heilt presist med Trond-Viggos tekst. Skulle mesta tru at dei hadde øvd!

Etter nokre kloke ord om barneoppdragelse og tilbakeblikk frå ein gammal mann, framførte Trond-Viggo visa "Far" som han skreiv da han vart far for første gong.

- Du har laga den klumpen av varmen jeg har, som jeg kjenner fordi jeg er far.

Mange kjente seg nok igjen i denne teksta.

Strykarane framførte to melodiar av Henning Sommerro, som var blandt publikum. "Legende uten ord" skreiv Henning til ein Fartein Valen-festival.

Der var det god plass til ord.
Teksta må vere handlingsmetta og dramatisk.
Må truleg framførast som duett, mann - kvinne.
Spring dei frå kvarandre, eller etter kvarandre?
Open slutt.

- Dette var tankar som kom under framføringa av Sommerros "Legende uten ord".

Så fekk vi Oslo strykekvartett sin versjon av "Vårsøg". Fin rytmisk bassgang frå celloen og effektiv rytme.

Trond-Viggo Torgersen gav oss så sin "Slapp reggae" - alle er så treige. Ei humoristisk framføring både av solist og musikarar.

Etter å ha snakka litt om samlivet sitt, mellom to som har hatt eit langt liv i lag, fekk vi ein "samlivssong", om å vere redd for å bli aleine og ikkje ha nokon å dele med.

"- en som er der når du er alene."

I TV-serien Nesten voksen frå 1983 og oppfølgaren 30 år seinare behandla han dei ulike epokane i livet i lag med dei same deltakarane. Visa "Nesten voksen" vart laga i den samanhengen. Under denne friske, rytmiske visa akkompagnerte cellisten med rytmeinstrument på hælen.

Ettermiddagskonserten vart avslutta med den kjente visa "Tenke sjæl" med engasjert akkompagnement, til og med koring, fra strykarane!

Den kraftige applausen frå eit ståande publikum viste at dei hadde hatt ei flott ettermiddagsstund i Stangvikkjerka.

Anders Larsen, Øystein Sonstad - cello, Magnus Boye Hansen - fiolin, Trond-Viggo Torgersen, Henning Sommerro, Geir Inge Lotsberg - fiolin og Alex Robson - cello.
Powered by Labrador CMS