Kulturvøkku 2021

Bodil Børset snakka om hus.

Hus og folk i Rindal

Programmet for onsdagens kulturkveld med både kåseri og musikk var tredelt. Bodil Børset kåserte om restaureringsarbeidet på våningshuset på Børset Austigard under overskrifta "Huset forteller," og Ivar Bakk fortalte barndomsminne frå Rindalsgarda og frå Trønsdalå. Og det var to musikkinnslag mellom kåseria.

Publisert Sist oppdatert
Børset Austigard da Bodil flytta heim.

Bodil Børset har vakse opp på Børset Austigard, men ho har vore utabygds i mange år både under utdanning og arbeid. No har ho flytta heim og jobbar for Kulturrådet. Dei siste åra har ho drive med grundig renovering av den store trønderlåna.

Børset Austigard med engelsk veranda.
Gammalt bilde av Børset Austigard

Dette er ein gammal gard. Even Olson Kvam kjøpte dei to gamle Børsetgardane i 1848, og sønnen Ole Evenson, bygde denne låna på nye tufter i 1852 og tok navnet O. Børset, som det står måla over døra på hovedportalen. Og historieinteresserte Bodil fann mykje interessant under restaureringa. Det hadde budd mykje folk i huset opp gjennom åra. I ein generasjon var det 13 barn.

Dei eldste bilda viser at våningshuset hadde svalgang, eller engelsk veranda, på framsida. Dette var truleg påbygd på 1870-talet, og har samanheng med at dei leigde ut rom til engelske fiskarar mange somrar så tidleg som frå 1870-talet og fram til 1914.

Den engelske verandaen var riven på 1960-talet.

Fin profilhøvling på gammal panel.

Engelskmannen F. A. W. Whithmore leidde garden fleire år frå 1873 for å fiske laks. På tømmerveggen i peisestova har og venen I. T. Clarke rissa namna sine inn med kniv saman med årstalet 1873 og "300 lbs," så vi veit at fangsten eitt år var på 150 kg.

Whitmore leidde garden til 1884 då han gifta seg med dottera til G. A Jarvis og kjøpte Nestu Harang (Engelskhuset) frå han. På Harang vart det også engelsk veranda, og også på Gulla gard.

Det var nok mykje dei same handverkarane som snekra og dekorerte dei tre verandaene med element frå sveitserstil, så av gamle foto frå Børset og befaring med Leif Magne Røen på Harang har Bodil og handverkarane greidd å rekonstruere detaljane som nå snart skal opp på den engelske verandaen i Børset. Arvid Høgsteggen frå Vidir har laga kopier av dei vakre vindusomramingane.

Fine stolar som antakeleg kom frå Brittannia i Trondheim.

I 1923 brann eit forholdsvis nytt fjøs. Inne i veggen fann dei ein brent bordkledning frå fjøsveggen til skrekk og åtvaring.

Fjøset vart bygd oppatt på same murane. Etter det fekk dei økonomiske problem, og garden gjekk konkurs.

Hotelldirektøren på Britannia i Trondheim, K. N. Stensrud, som dreiv Leangen og var ivrig med trav og hest, kjøpte Børset Austigard i 1932 og hadde den som feriebustad i nokre få år til garden vart kjøpt tilbake for ein overkommeleg sum i 1936. Seks spisestovestolar er alt som står att frå Britannia-perioden.

Mykje frå mørkloftet vart kasta da Rinnaskiferen vart skifta med bølgeblekk på 1960-talet. Skiferleggar Belsaas har lagt ottaskifer på taket på baksida.

I veggene fann dei mange gamle aviser som var brukte som isolasjon. Bodil tykte det var artig å sjå kva folket på garden hadde hatt som lesestoff.

Dei fann mykje rart da dei reiv murtrappa, og attom eit skåp fann dei ein mamelukk (oinnbrok)!

Under påbygging mot nord, fann dei også gamle spor.
Mange ting dukka opp når dei reiv ei trapp

Verandaen kom ho stadig attende til, og det er nok ikkje berre Bodil som sakna den fine verandaen, kom det fram etter møtet.

Malinga og fargane var ei anna sak som opptok Bodil Børset. I Rindal har det vore tre gardar med rosa stuggulån. Denne garden var ein av dei, men Bodil vil ikkje ta glansen frå Oppistu Røen som er mest kjent for å vere "lyserød," sjølv om lånna no har fått ein rosa farge.

Det har vore mykje arbeid for å finne rett farge både ute og inne, Tørset Maleservice var med og dokumenterte eit førtitals historiske fargar, ut frå det har Bodil laga ei fargeplan sjølv, og innvendig er huset fargesett med dei historiske fargane. Bodil rosa Oddbjørn på Coop Jernvare for innsatsen og tolmodet han har vist, særleg i prosessen med å landa den rette rosa farga på låna.

Bodil var også svært fornøgd med alle dei lokale handverkarane ho hadde bruka, med Lars Røen og seinare Mer Bygg som hovedansvarleg. Og eit tjuetals lokale aktørar har vore involverte.

Og engelskverandaen er på plass!

Børset Austigard med verandaen på plass igjen!

I pausen mellom kåseria fekk vi musikkinnslag, først ved Laila Børset, mor til Bodil, så med Karstein Mauset og Ronny Kjøsen.

Laila Børset framførte Idas sommarvisa.

Laila Børset akkompagnerte seg på Johannes, gitaren med namn etter skaparen sin. Ho klaga på at den var sur, men eigentleg var den fine, sprøe klangen i stålstrengane på gitaren svært sjarmerande og passa til famføringa.

Rønny Kjøsen akkompagnerte Karstein.
Karstein Mauset song og spelte gitar.

Etterpå presenterte Karstein Mauset og Ronny Kjøsen ein verdenspremiere på Grukkelivisa til hans eigen tonesetting. Teksta handlar om ein kalardona på Grytbakk, der nokre karar ville gjere kvinnfolka ei prette, og så bruka dei dynamitt! Det gjekk ikkje så bra.

Ivar Bakk

Hønefoss-rindalingen Ivar Bakk har underhalde rindalingar med mange historier før, og han svikta heller ikkje denne kvelden. Han presenterte seg som 1935-modell, og at det er ingen generasjon som har opplevd så store forandringar som generasjonen hans.

Han fortalde først litt om opplevingar under oppveksten frammi Rindalsgarda (Rindal sentrum).

Kjønnsrollemønstret var klart. I kyrkja var det karside og kvinnfolkside. Den som braut det, vart sett stygt på - Enn å vise seg fram slik! Foreningslivet var også kjønnsdelt.

Kvinnene hadde sine foreiningar, karane hadde andre møteplassar. Ved møkkaporten på Dalalåvå var oppslagstavla. Der løyste karane verdensproblema, eller dei spankulerte ein tur frampå Bjergen.

På Samvirkelaget var det ein benk attmed omnen, der sirupstønna også stod for å halde seg nokonlunde flytande om vinteren. Der, med akkurat passe avstand frå skyttebakken, møttes dei også.

Venterommet på autoen (Rindal kommunale Auto) var også ein møteplass, særleg når bybussen kom i seks, halv sju-tida. Da kom Arbeideravisa og pakkar som det klunka i. Mange nyheiter vart utveksla der. Dette var før vi fekk Dagsrevyen.

Gode historier vart også delt, gjerne i reprise. Ein kar var fast avishentar og ein god lyttar. Ein gong det vart litt stille, sa han
- Fortel meir, det e det sommå om dokk lyg!

Johannes Bogja var ein av sjåførane, og han går det mange historier om. Ivar Bakk minte oss om den gongen ei bydame kom hæsblesande for å rekke bussen i byen.
- Går denne bussen til Selbu, pesa ho fram.
- Ja, det skoilla tikkje se ut, svara Johannes.

Ein annan rindaling som kunne svara for seg var Petsa. Han flytta til Orkdal. Der vart han spurt om korleis det var med årsveksten oppi Rindala og om kornet hadde skote.
Petsa svara at det hadde ikkje skote enda, - men det ha lagt se te å sekta!

Ja, vi fekk fleire gode historier frå Ivar, og meir kan du lese i årsskriftene til Rindal Heimbygdlag og i boka "Barndoms- og ungdomsminner fra Rindal."

Andre delen av minna Ivar Bakk delte var frå besøka han hadde i heimen til mora på Utigard Trønsdal. Det var stor skilnad på sentrum og Trønsdalgardane. Der var det ikkje elekrisk straum og lys.

I det lafta, låge tømmerfjøset var det fjøsløkta som lyste opp og kasta skuggar, og fjøsnissen kika heilt sikkert ned på han gjennom høyluka frå låven.

Så fekk vi høre om kararbeid og kvinnfolkarbeid.

Ivar var heilt sikker på at kvinnfolka hadde lengst arbeidsdag! Ingen karfolk i dag hadde funne seg i slike arbeidsdagar som bestemor Ingeborg hadde på Trønsdal i 1940-åra.

Alle måltida mætte ho lage og servere. Koppane vart vaska medan karane kvilte. Attåt var ho ute og arbeidde i lag med dei i arbeidsøktene. Når dei tok kveld, var ho i fjøset og mjølka.

Først på 60-talet vart arbeidet betre fordelt.

Vi fekk eit fint tidsbilde med oss heim frå begge desse kåseria, og mange utveksla minne om gamle dagar på veg ut frå Attanova etter samlinga som Morten Møller hadde leiinga av.

Mørten Møller leda kvelden og takka alle for deltakinga.
Powered by Labrador CMS