Surnadal kommune melder:

PCR-test avkreftar smitte hos skuleelev

Situasjonen er avklart utan påvist smitte.

Ein skuleelev som testa seg med hurtigtest heime og fekk positivt testsvar tidlegare denne veka, er ikkje smitta med koronavirus. Mistanken er no avkrefta ved negativ PCR-test.

Ved positive prøvesvar på antigen hurtigtestar blir det rutinemessig iverksett førebyggande smitteverntiltak inntil vi har fått bekrefta eller avkrefta smitte med bruk av vanleg PCR-test. Dette kan ta nokre dagar. Denne gongen fekk vi svaret vi håpa på.

Dette skriv kommuneoverlege Bjørn Buan på kommunen si side i dag.