Surnadal kommune melder

Nytt påvist smittetilfelle i Surnadal

Ein person er påvist smitta med covid-19 tirsdag. Ei smittesporing i nabokommunen Heim medfører i tillegg at to nærkontaktar er sett i karantene. Kommuneoverlege Bjørn Buan melder at situasjonen er under kontroll.

Dette melder Surnadal kommune tirsdag:

Ein person heimebuande i Surnadal er i dag påvist med smitte etter utanlandsreise. Personen det gjeld er isolert og ein nærkontakt er sett i karantene og vil bli testa. Personane har ikkje hatt kontakt med andre i kommunen og det er ikkje behov for lokal smittesporing som konsekvens av dette smittetilfellet.

Ei pågåande smittesporing i Heim med opprinnelse i Molde, medfører i tillegg at to nærkontaktar busett i Surnadal blir testa og er sett i karantene. Dette har ingen samanheng med det påviste smittetilfellet etter utanlandsreise.