Surnadal kommune melder:

Einingsleiar Gunn Bredesen, Helse og familie

Nytt om sjølvtesting for koronavirus

Frå 1. november blir det enklare å teste seg sjølv ved nyoppståtte luftvegssymptom.

Til deg som skal ta koronatest

I tråd med FHI sine anbefalingar vil kommunen dele ut sjølvtestar til personar som har nyoppståtte luftvegssymptom.

Frå 1. november kan du få nokon til å hente sjølvtest for deg i servicetorget på kommunehuset mellom kl. 09.00 – 15.00. Personar som har symptom skal ikkje komme inn!

Saman med sjølvtesten ligg det informasjon med brukarrettleiing og kontaktinformasjon ved positivt testsvar.

Dei som ikkje har symptom, men som ønskjer å ha ein test liggande heime på lur, må kjøpe seg sjølvtest på apoteket.

Frå 1. november blir teststasjonen ved legesenteret sett på pause og c19 blir stengt for bestilling av koronatest. Dersom smittesituasjonen tilseier det eller ved større smitteutbrot, vil teststasjonen bli gjenopna.

Ved behov for helsehjelp skal du ta kontakt med fastlege som før.

Symptom på luftvegsinfeksjon kan starte med vage symptom som for eksempel hovudverk og tett nase, eller meir klassiske influensaliknande symptom som feber, hoste, sår hals og nedsett allmenntilstand. Symptoma kan vere teikn på covid-19. Informasjon frå Folkehelseinstituttet som forklarar når du skal halde deg heime og når du kan komme på jobb/skule/barnehage finn du her.

Powered by Labrador CMS