Surnadal kommune melder:

Vaksinerte med AstraZeneca vil få tilbod om dose 2 med mRNA-vaksine

Alle som tidlegare i vinter vart vaksinerte med vaksinetypen frå AstraZeneca skal få tilbod om dose 2 med vaksinetypen frå Pfizer/BioNTech eller Moderna, såkalla mRNA-vaksiner. Dette har FHI bestemt. Vaksinetypen frå AstraZeneca er inntil vidare sett på vent.

I Surnadal kommune er det stort sett helsepersonell som er vaksinerte med AstraZeneca, i tillegg til nokre tenestemottakarar. Alle berørte vil motta informasjon om endringa.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS