Surnadal kommune melder:

Kommuneoverlege Bjørn Buan.
Kommuneoverlege Bjørn Buan.

Novemberråd frå kommune­overlegen

Kommuneoverlege Bjørn Buan kjem med gode råd inn mot førjulstida:

Landet er inne i ei ny smittebølge. Andelen alvorleg sjuke er lågere enn tidlegere på grunn av god sjukdomsbeskyttelse etter vaksinering. Smittetala er likevel såpass høge at det påverkar kapasiteten ved sjukehusa. Vi går inn i ein periode med både julehandel og julebord, og vi må rekne med ei ytterligare auke i smittetala lokalt og nasjonalt. Kommuneoverlegane på Nordmøre samarbeider om ein felles tiltakspakke som kan komme i form av lokal forskrift.

Vi har hatt enkelttilfelle med smitte i Surnadal den siste tida. Det gir oss grunn til å minne om dei viktigaste tiltaka vi må fortsette med for oppretthalde bevegelsesfriheita vår i tida framover:

  • Halde oss heime ved symptom på smitte
  • God hand- og hostehygiene
  • Sjølvtest ved koronasymptom og mistanke om smitte. Ved positivt prøvesvar må du varsle oss raskt.

Regjeringa har iverksett enkelte tiltak på landsbasis som kan dempe smittetrykket, men det viktigaste arbeidet skjer i kommunen.

  • Ved bekrefta smitte i husstanden er det no bestemt at uvaksinerte husstandsmedlemmar over 18 år har plikt til å teste seg i 7 dagar med sjølvtest. Alternativt annakvar dag med PCR-test i 7 dagar.
  • Det er igjeninnført råd til vaksinerte husstandsmedlemmar til ein smitta person om å teste seg to gonger i løpet av ei veke. Det er også anbefalt å halde seg heime til første negative prøvesvar.

På landsbasis skjer smitten i stor grad blant barn og unge. Testing og smitteførebygging blir difor styrka ovafor oppvekstmiljøet. Vi iverksett for eksmpel sjølvtesting i skuleklassar for å kunne avdekke smitte raskt. Inntil det nasjonale smittetrykket har normalisert seg vil vi gjennomføre testaksjonar ved mistanke om smitte. Det er nødvendig å halde smitten nede framover, både for å gjere det muleg for føresette å gå på jobb og for at barna skal kunne delta i undervisning og aktivitetar.

Det er gledeleg at tidlegare uvaksinerte no tek kontakt for å komme i gang med koronavaksinering. Det har stor verdi for smittetrykket at vaksinasjonsdekninga blir så høg som muleg.

Saman med oppfriskingsdose til dei eldre, håpar vi at desse råda og tiltaka skal bidra til at vi kan gå inn i adventstida med optimisme.

Med vennleg helsing
Kommuneoverlege Bjørn Buan