Surnadal kommune melder:

F.v. Gunn Bredesen, einingsleiar Helse og familie, Brit Røsand og Astrid Aune frå Røde Kors, og Oddrun Persdotter Fiske frå Miljøretta helsevern.

Klare med tilbod om oppfriskings­dose med korona­vaksine

Mange i Surnadal kommune vil neste veke få ein SMS med tilbod om oppfriskingsdose.

Kven er anbefalt tre doser med koronavaksine?

Koronaepidemien aukar i omfang. For å forsterke effekten av vaksinene og slik beskytte dei mest sårbare, anbefaler FHI at følgande grupper får tilbod om ei oppfriskningsdose:

  • Dei som bur på sjukeheim
  • Alder 65 år og eldre
  • Personar med alvorleg svekka immunforsvar
  • Helsepersonell som over tid har kontakt med pasientar med høg risiko for å bli alvorleg sjuke

Det er mRNA-vaksinen frå Pfizer som er godkjent og blir brukt som oppfriskingsdose. Du kan lese meir om grunnlaget for å anbefale ei oppfriskingsdose på FHIs nettsider.

Innkalling og massevaksinering med oppfriskingsdose i Surnadal kommune

Det må ha gått minimum 6 månader frå du fekk dose 2 til du kan få dose 3. Vi startar med å kalle inn dei som har venta lengst sidan dose 2 og fyller opp timane fortløpande.

Innkalling med tilbod om dose 3 skjer akkurat som sist. Du vil motta ein personleg SMS frå c19, med lenke til bestilling. Det er viktig at du besvarar innkallinga ved å anten takke ja eller nei til tilbodet om oppfriskingsdose.

Vaksineringa vil foregå i Surnadal kulturhus desse datoane:

  • Fredag 26. november
  • Fredag 3. desember
  • Fredag 14. januar

Dersom du får innkalling og ikkje kan møte til vaksinetime ein av dei aktuelle datoane før jul, kan du få time til vaksineringa 14. januar. Det er viktig at du gir beskjed ved å sende ei melding til vaksine@surnadal.kommune.no

Smittevern under massevaksineringa

Sjuke personar skal ikkje møte opp. Vi ber for sikkerheits skuld alle om å ha på munnbind og halde litt avstand inne i vaksinasjonslokala.

Powered by Labrador CMS