Koronaoppdatering frå Surnadal kommune:

Ikkje meldt om fleire positive hurtigtestar

Utbrotet ved Midtigrenda barnehage fekk i helga ei forgreining til Surnadal barne- og ungdomsskule. Alle elevar og berørte vaksne på 8. og 9. trinn har difor vorte testa to gonger med hurtigtest. Først på søndag, deretter måndag, før oppmøte på skulen.

Det er ikkje meldt om fleire positive hurtigtestar og skuledagen går som normalt med nokre ekstra smitteverntiltak. Denne veka er skulekantina midlertidig stengt, og det er lagt opp til separate inngangar og minglesoner for å kunne skape litt avstand mellom elevgruppene.

Det pågår framleis noko smittesporing og avklaring knytta til utbrotet i Midtigrenda barnehage, men per no har vi fått rimeleg god oversikt over situasjonen.

Powered by Labrador CMS