Kommuneoverlegen i Surnadal melder:

Kommuneoverlege Bjørn Buan.
Kommuneoverlege Bjørn Buan.

Bekrefta smitte ved skule - smittesporing og testing pågår

Kommuneoverlegen informerer om status om pågåande smittesporing og om situasjonen i Midtigrenda og ved SUBUS (Surnadal barne- og ungdomsskule).

Status ved Midtigrenda barnehage

Tre vaksne har testa positivt ved hurtigtest. Positive hurtigtestar skal bekreftast med PCR-test og i påvente av prøvesvar er dei dette gjeld i ventekarantene. Følgande tiltak er i verksett i barnehagen:

  • Varsel om stenging torsdag og fredag vart sendt ut i går kveld. Stengingsvedtakket kjem i dag for i dag og i morgon.
  • Hurtigtesting alle tilsette
  • Hurtigtesting av barna, ved hjelp av føresette. Alle testar seg på nytt før oppmøte på måndag.

Barnehagen forsterkar smitteverntiltak inntil situasjonen har normalisert seg.

Status ved Surnadal barne- og ungdomsskule

Ein elev ved skulen fekk i går kveld bekrefta smitte ved positiv PCR-test. Eleven er isolert. Følgande tiltak er iverksett ved skulen:

  • Hurtigtesting av alle elevar i dag
  • Hurtigtesting av alle berørte lærarar i dag
  • Ny runde med hurtigtesting i morgon, fredag

Vi har effektive og gode rutiner for smittesporing, slik at vi kan oppretthalde tenestetilbod i ei tid med høgt smittetrykk kring oss. At folk er flinke til å halde seg heime og teste seg ved symptom er heilt avgjerande for korleis vi lukkast med dette i tida framover.

Den aktuelle situasjonen har ført til at det blir arbeidd med ei lokal forskrift med avgrensa, målretta tiltak for å begrense ytterlegare smittespreiing.

Kommuneoverlegen rosar alle involverte for godt samarbeid og vil komme med fleire oppdateringar når dette er aktuelt.

Med vennleg helsing
Kommuneoverlege Bjørn Buan