Arna Ranes får Surnadals første koronavaksinedose torsdag 7. januar 2021. Vaksinatør er Reidun Nerland.

Surnadal i gang med vaksinering - får fleire dosar enn venta

Torsdag klokka 08.45 vart Arna Ranes (91) den første i Surnadal kommune som fekk koronavaksine.

Publisert Sist oppdatert
Arna Ranes og Reidun Nerland.

– Ho smilte og tykte det var litt artig, trur eg, seier Marit Moe Kvendbø, einingsleiar ved Surnadal sjukeheim, på eit pressetreff torsdag morgon.

På sjukeheimen er dei godt i gang med å gje dei første surnadalingane koronavaksinen Comirnaty frå BioNTec og Pfizer.

Surnadal har så langt fått fem glas med vaksiner, og det var i utgangspunktet rekna med at kvart glas ville gje fem vaksinedosar. Moe Kvendbø bekreftar no at det vert fleire doser enn ein først trudde.

– Vi klarte å få ut sju heile dosar av det første glaset, så får ein til det heile vegen vil det bli 35 dosar i staden for 25.

Ordførar Margrethe Svinvik, leiande helsesjukepleiar Heidi Elnes Fiske, einingsleiar helse og familie Gunn Bredesen og kommunikasjonsrådgjevar Anne Lise With Wullum tek imot nyheita frå Moe Kvendbø med stor glede, og slår fast at dette naturleg nok er gode nyheiter.

Torsdag ettermiddag la Surnadal kommune ut ei oppdatering på heimesida si, der dei slo fast at 34 personar vart vaksinerte i løpet av dagen.

Marit Moe Kvendbø fortel følgjande etter vaksineringa torsdag:

– Utover dagen vart det sett i alt 34 doser. Kor mange vaksinedoser vi får ut av det enkelte vaksineglaset kan variere litt, sidan det kan skje at det kjem sprut eller søl ved utblanding og opptrekking av dosar.

– Det er gledeleg at vi fekk vaksinert i alt 34 av 61 bebuarar ved sjukeheimen av ei forsending på 5 glas. Så langt har ingen fått alvorlege biverknader av vaksinen.

Marit Moe Kvendbø (f.v.), Gunn Bredesen, Heidi Elnes Fiske, Anne Lise With Wullum og Margrethe Svinvik.

I neste runde med distribusjon av koronavaksinen mottek Surnadal tre glas, og det at ein får ut fleire dosar av kvart glas kan dermed bety bortimot 21 dosar i staden for 15.

– Ja, først var det sagt fem dosar per glas, så seks per glas, og sjølv om eg ikkje kan garantere at det blir sju frå kvart glas, fekk vi i alle fall ut sju frå det første, seier Kvendbø, medan Elnes Fiske supplerer:

– Vi vil gjere det vi kan for å få ut flest dosar per glas, og seks per glas blir det i alle fall.

Har oppretta vaksinekalender

Anne Lise With Wullum fortel at Surnadal kommune no har oppretta ein eigen vaksinekalender, for å gjere det enklare for folk å følgje med korleis kommunen ligg an med vaksineringa. Der oppdaterer ein tala på vaksinerte frå veke til veke, og kalenderen inneheld og informasjon om kva gruppe som får vaksine og kvar vaksineringa vert gjennomført.

Vaksinekalenderen finn du ved å trykke her.

– Mange lurar på når det er deira tur, og vaksinekalenderen gjer det lettare for folk å orientere seg, seier Wullum.

Først ut med vaksinering er innbyggjarar i aldersgruppa 85 år og oppover, og ifølgje Wullum omfattar dette totalt 139 personar. Informasjon per brev har vorte sendt ut til alle innbyggjarar i Surnadal kommune, som er fødd i 1955 eller seinare.

– Det betyr ikkje at dei andre ikkje vil få tilbod om vaksine, men at dei kjem lenger bak i køen og ikkje er definert som risikogruppe etter alder, seier Wullum, og legg til:

– Vi vil oppmode pårørande til å hjelpe til å følgje med, og både lese brevet og bistå med bestilling av vaksine.

Kommunen kjem til å informere om vaksinasjonsprosessen gjennom lokale medier og eigne heimesider, og ber folk i prioriterte grupper og pårørande om å følgje med.

– Men vi har oversikt over kven som er i dei ulike gruppene, og passar på at alle får, altså, seier Wullum.

Vaksinatørene Reidun Nerland (t.v.) og Anita Berg.

– Ein etterlengta dag

Frå veke 2 kan 20 prosent av vaksinedosene gjevast til helsepersonell. Der har kommunen sett opp ei prioriteringsliste over kven som skal få først, fortel Gunn Bredesen:

– Koronateamet, som skal i aksjon dersom vi til dømes får eit utbrot på sjukeheimen, får vaksine først. Så får legesenteret, slik at dei ikkje blir sårbare. Deretter får kommuneoverlegen, som det er viktig at vi held frisk, og smittesporingsteamet.

– Det er kjempebra at helsepersonell får vaksinen tidleg, seier ordførar Margrethe Svinvik. Ho beskriv første vaksinedag torsdag slik:

– Dette er ein etterlengta dag, som i grunn kom ganske fort, med tanke på kva vi veit om vaksineutvikling frå tidlegare.

Ordføraren held fram:

– Samtidig held vi pusten litt no. Det er mykje smitte i Noreg for tida, og den fer fort, så det er litt som eit kappløp med tida. Heldigvis er det roleg med tanke på smitte i Surnadal, seier ho, og legg til:

– Surnadalingane har gjort ein god jobb, og det må vi fortsette med. Det er viktig at alle er med og tek ansvar no i tida framover.

– Folk har vore dyktige her, seier Anne Lise With Wullum, og får støtte av Heidi Elnes Fiske:

– Ja, folk tek smittevern på alvor.

Slik ser koronavaksinen Comirnaty ut.

Ny vaksine godkjent

Det er venta at talet på dosar som vert tildelt til kommunane vil auke i tida framover. Onsdag vart ein ny vaksine, Moderna, godkjent av EU-kommisjonen, og dermed og for bruk i Noreg.

– Per no veit vi ikkje kva vi får av den, seier Marit Moe Kvendbø.

Ho og Heidi Elnes Fiske fortel at Moderna-vaksinen skal vere enklare å administrere enn vaksinen frå BioNTec og Pfizer. Mellom anna står Moderna-vaksinen seg i 30 dagar, noko som gjer det enklare å planlegge vaksineringa.

Medan vaksineringa per i dag skjer på Surnadal sjukeheim, kjem kommunen måndag til å starte jobben med å rigge til for massevaksinering i Surnadal kulturhus.

Koronavaksine klar for bruk.
Arna Ranes får vaksinen.
Powered by Labrador CMS