Koret med assistentar presenterte ei vakker kjede med juleperler – her «Romjulsdrøm» av Prøysen

Demenskoret samla full sal

Kommunestyresalen på Liabøen var fullsett til siste stol da Halsa Demenskor inviterte til adventskonsert torsdag.

Publisert

Sjøl med nokre forfall denne gong formidla koret musikalske juleperler med suksess. «Julekveldsvisa», «Nordnorsk julesalme» og «Det lyser i stille grender» skapte stemning og forventning blant dei mange frammøtte.

Full sal
Konserten samla full sal!

- Sjølv om koret vart starta sist vinter, står vi med 11 opptredenar før året er omme, kunne styreleiar Siri Sæterbø opplyse til ei applauderande forsamling.

Gode hjelparar fekk påskjøning – utdelt av leiar Siri Sæterbø (t.v.).

Helsefagarbeidarar og medhjelparar på mange plan gjer eit fint arbeid. Konsertkvelden inneheldt til og med flott servering i ein fin sosial atmosfære.

Songen har medisinsk effekt

Sekretær for koret, Bjørg Randi Halse, heldt eit interessant foredrag om kva song og musikk kan bety så vel for demente som for andre. Ho refererte til vitskaplege bevis m.a. frå landets fremste ekspert på området, professor Geir Selbæk.

Bjørg Randi Halse la fram interessant forskning om svært positiv effekt av song og musikk for helsa vår.

Borgny Bersås presenterte Halsa Kunstlag si utstilling, som også er å sjå på det gamle kommunehuset desse dagar.

Borgny Bersås presenterte kunstutstillinga som så å seie kledde alle vegger i lokalet.

Fulltonande «Deilig er jorden» 

Dirigent for Halsa Demenskor er Turid Røen Kroknes. Ho song også song solo under konserten, med tonefølgje av korets faste pianist Bernt Bøe.

Den fine kvelden vart avslutta med at koret og ei fulltonande forsamling song «Deilig er jorden» - som trass situasjonen i verda meir inspirerande og oppfordrande enn nokon gong.

Powered by Labrador CMS