Surnadals hyllest til Pink Floyd

Vellukka premiere på Surnadals hyllest til Pink Floyd

Høge forventningar vart meir enn innfridd

Ei lang rekkje av høgdepunkt under Pink Floyd-hyllesten

Publisert Sist oppdatert

Trollheimsporten har vore så heldig å vere innom eit par øvingar og generalprøven, så forventningane til premieren var ikkje akkurat små. Å kor dei innfridde!!! Gjengen i Surnadals hyllest til Pink Floyd hadde plukka ut 19 låter frå fem ulike album. Og jobben med å plukke frå Pink Floyd-album, den kan ikkje ha vore lett, for noko av det som verkeleg kjenneteiknar Pink Floyd, er heilskapen i albuma. Albuma deira har gjennomgåande tema og lydeffektar som knyter låtene saman til fullstendige kunstverk. Altså, skapt for vinyl heller enn Spotify. Og det var kanskje og grunnen til at dei held seg til fem av dei minst 15 albuma bandet har laga.

Innleidd av hundar som gøyr, fuglekvitter og klukkande bekkar opnar dei showet med Shine on You Crazy Diamond frå albumet Wish you were here (1975). Her får musikarane etablert seg på scena, med flotte, seige soloar, damene på backing vokal får vist kva dei er gode for, og det er ikkje tvil om at Torstein Snekvik har ei solid og vaksen røyst. Frå same album får vi seinare tittelsporet Wish You Were Here, innleidd av lydspor med lokal vri og film frå Surnadal på lerretet. Halvor Drøpping si såre røyst gjer denne versjonen heilt nydeleg.

Torstein Snekvik. Fersk i hyllestensemblet, men trass ung alder veldig erfaren artist.
Gunn Astrid Hove, Astrid Hyldbakk og Lisa Botterlid Flostrand på backingvokal gjer lydbildet rikare.
Lokalprodusert film på lerretet.

Hyllesten inkluderer heile fem låter frå A Momentary Lapse of Reason (1987). Med Learning to Fly sette det i gang eit vanvittig lysshow, og her hadde mykje skjedd sidan generalprøven. Rune Dalager omtalde, med humoristisk tone, lysansvarleg Vegard Hoel som verdas drygaste mann, men dette er perfeksjonisme sett i system. Her var det ikkje mykje tilfeldigheiter, og å seie at Braathallen er teknisk leverandør er feil, dei er kunstnerisk leverandør også. Dette var ei stor oppleving, som publikum premierte med heftig applaus. Lysfesten fortsette utover konserten. Lyset var og med å skape heilskap under framføringa av The Dogs of War, som var eitt av veldig mange høgdepunkt. Instrumentale Signs of Life vart pianistane sitt glansnummer saman med Stein Boge sin nydelege gitarsolo.

Ingen tilfeldigheiter i lysshowet.

Med sauebreking fyllest scena oppatt og til Sheep frå Aminals (1977). Med glitrande kjolar lagar backing-rekka fest bakerst på scena. Torbjørn Kvande briljerer med kul bass, og Torstein framstår som ein dreven rockevokalist. Vi trur ikkje på at dei skal avslutte når dei kjem fram og bukkar.

Albumet The Dark Side of the Moon var representert med fem nummer. Money med sin spesielle takt (7/4) gav rom for at mange fekk briljere. Her tok trommeslagar Oddbjørn Sponås av, alle gitaristane fekk vist kva dei er gode for og bass og sax leika seg med samspelet. Ein legendarisk ‘show off’ av muskikalsk dugleik. Lisa Botterlid Flostrand fekk vist fram si store stemme på The Great Gig in the Sky og Torstein briljerte saman med backingrekka og saxofonist Christian Cuadra på Us and Them.

Christian Cuadra på saxofon.

Dei siste songane var frå albumet The Wall (1979). Mother blir formidla med innleving av Halvor og Torstein saman med Gøran Normann på kassegitar. Sårt og ektefølt. Den hemmelege overraskinga var koret frå kulturskulen som kom inn og var med på Another Brick in the Wall pt. II. Med protestslagord på lerretet bak og taktfaste steg slengde gjengen bøkene i golvet og gav oss gåshud. Mange Pink Floyd-fans har Comfortably Numb som si favorittlåt, og dei ombestemte seg ikkje etter dette. Halvor brukte heile følelsesregistret, så fantastisk at det tok pusten frå folk, då denne vart framført som avslutning på kvelden.

Halvor held ikkje att på noko i avslutningsnummeret.
We don't need no education.....

Konserten i heilskap var gjennomført med speleglede, presisjon og profesjonalitet, og det er mesta vanskeleg å ta inn over seg kor bra dette var. Takk for opplevinga!

Fleire bilde (Artikkelen har bilde både frå generalprøve og premiere.)

Bilde frå generalprøve og premiere Foto: Lisa Forslund

Powered by Labrador CMS