Seks menn kledd i svart står bak ti kvinner kledd i rødt fra koret.
Koret Prosjekt 17 håpar på full kyrkje til støtte for dei katastroferamma.

Støttekonsert i Åsskard "Dropen i havet"

Publisert Sist oppdatert

Koret Prosjekt 17 og soknerådet inviterer til ein annleis konsert i Åsskard-kyrkja onsdag 1. mars kl. 18. Med tittelen «Dropen i havet» er den eit støttetiltak for Kirkens Nødhjelp sitt katastrofearbeid i Syria, Tyrkia og Ukraina.

– Folk flest er rysta over jordskjelvkatastrofene og krigen og ønskjer å kunne hjelpe. Denne konserten med lokale artistar vil gi høve til å stå saman og markere både symbolsk og økonomisk støtte til dei som lid, seier korleiar Bernt Bøe i P17, som har teke initiativet. Allsongen «Da jeg trengte en neste, var du der?» dannar motto for kvelden.

Kirkens Nødhjelp med sitt kontaktnett er blant våre mest effektive hjelpeorganisasjonar. Åsskard sokneråd er arrangør og formidlar pengane frå billettar og anna salg.

– Dette er eit tiltak utanom det vanlege, så vi trur mange møter opp og fyller kyrkjebenkane, seier soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen. Ho var på korets generalprøve sist onsdag og gav full støtte til opplegget.

En kvinne og en mann holder opp ett bilde av et Tyrkias flagg, foran de står et hjerteformet Ukrainsk flagg.
«Da jeg trengte en neste»: Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen og korleiar, organist Bernt Bøe oppfordrar til solidaritet med Syria, Tyrkia og Ukraina.

Allsidig program med gode artistar

Lokale musikkrefter bidreg til eit fyldig og variert program. Arrangørkoret framfører både gospelrytmer og klassisk musikk. «Kyrie» frå Ukraina og «Hymn to Freedom», Elgar og Mendelssohn blir å høre.

Fiolinisten Synnøve Hammervold dirigerer strykarar frå kulturskulen og gir dertil tonefølgje til kor og forsamling. Tove Elin Strand spelar fløytemusikk av Øistein Sommerfeldt.

Folkemusikaren Ronny Kjøsen deltek med trekkspel. Saman med songarinna Turid Røen Kroknes byr han og på smaksprøver frå CD’en som Turid nyleg har gjeve ut. Alle artistar opptrer gratis.

Tre musikere på hvert sitt bilde. På bildet i midten er det en mann på trekkspill, og på bildet til høyre er det en kvinne med strykeintrument.
Blant artistane finn vi Turid Røen Kroknes, Ronny Kjøsen og Synnøve Hammervold.

Amigos - eit trekkplaster

Friske innslag kjem frå barnegruppa Amigos. Med sin leiar Bodil Kvam Aasbø skaper desse unge rørande begeistring kvar dei kjem. (Biskop Ingeborg Midttømme vart storbegeistra under visitasen i haust.) Nyleg førte dei an i gudstenesta i Åsskard.

- Amigos fortener på eiga hand fullt hus, seier arrangørane. På konsertkvelden sel dei dessutan sjøllaga fastelavnsris til inntekt for Kirkens Nødhjelp.

Barnekoret Amigos holder hendene i været og er i kledd i hvite gensere det står 'amigos' på.
Livlege Amigos deltek med song og musikk - og salg av fastelavnsris! Her øver dei før ei gudsteneste nyleg.

Lokal musikk på CD

Til same formål sel koret plater med lokale innspelingar: Vivaldis «Gloria» (Åsskard Kyrkjekor), juleplata «Til eit lite barn», høgdepunkt frå «Jonsvaka» gjennom 40 år og «Kyrkjetonar» (Gunnar Vik, Surna Kristelege Mannskor, barnekoret Jubilate og andre). På billettane blir det dessutan trekning av musikk- og bokgevinstar ved slutten av konserten.

Bilde fra jordskjelvet i Tyrkia og Syria. I hjørnet nederst til venstre er logoen til Kirkens nødhjelp.
Skrikande behov for nødhjelp: KN var her i Syria alt dagen etter jordskjelvet.

Håp om stor oppslutning

Konserten er kalla «Dropen i havet». Arrangørane innrømmer at kveldens inntekter nok blir ubetydelege i den store samanhengen.

– Men alle hav består jo av dropar. Og som nemnt trur vi at ei slik samling også kan gi folk eit etterlengta høve til å vise omtanke og engasjement, seier dei og håpar kyrkja blir fullsett denne onsdagskvelden

Soknerådet presiserer at konserten ikkje har noko med organisasjonen «Dråpen i havet» å gjera!

En mann og en dame selger fastelvansris og cd'er. 
Foran de står det en bukett pinner pyntet med fjær med farger.
Attåt konserten får du kjøpe fastelavnsris og lokal musikk. Og på billetten kan du bl.a. vinne denne boka, seier koristane Per Arne Hyldbakk og Borghild Talgø.

ANNONSE:

Plakat til nødhjelpskonsert 1. mars
Powered by Labrador CMS