Klart for fasteaksjon:

Fire kvinner og tre menn rundt et bord med innsamlingsmateriell
Lokale KN-kontaktar klare til innsats. Frå venstre Erik Meisingset (Mo sokn), Gro Hauge Venås (aksjonsleiar), Torunn Eriksen (Rindal), Anita Talgø (Todalen), Liv Marit Polden og Stig Sæter (Øye-Ranes) og Roar Helge Ansnes Halle (Stangvik).

Nest størst i landet

Nest etter den årlege TV-aksjonen er fasteinnsamlinga for Kirkens Nødhjelp landets største. Sokna i Surnadal og Rindal førebur no stor innsats tysdag 19. mars.

Publisert Sist oppdatert

Konfirmantar og foreldre er hovudaktørar i dør-til-dør-aksjonen der over tusen av landets menigheter deltek. 

Kirkens Nødhjelp er gjennom sitt nettverk ein maksimalt effektiv organisasjon. Etter verksemd i over 50 år kan KN vise til store resultat - både ved akutte katastrofer og i langsiktig arbeid for å skaffe vatn og livsvilkår i område med svolt og nød.

Hjelpa er ikkje «øremerka», men går alltid dit det trengst mest. Likevel er «Håp i ein drope vatn» eit aktuelt motto også i år.

Over 130.000 i fjor

- I fjor samla Surnadal inn over 130.000 kroner, fortel diakon og koordinator Gro Hauge Venås.

- Omrekna etter KN sin statistikk betyr det f eks varig vassforsyning til 550 tørkeramma personar.

På onsdagens førebuingsmøte deltok KN-kontaktar frå Rindal, Mo, Øye-Ranes, Todalen, Stangvik og Åsskard. Dei fekk orientering om organisasjon sitt arbeid og idear til sokna si innsamling. Bøsser, plakatar og anna materiell vart utdelt.

Kvinne foran en skjerm med projektør
Aksjonsleiar Gro Hauge Venås viste konkrete resultat av arbeidet – m.a. eit resultat på 130.559 kr innsamla i Surnadal i fjor.

Ørken blir hage

Gro Hauge Venås viste også videoar der mottakarar av KN-midlar fortalte om epokegjerande resultatet av fasteaksjonen. Ein 15-åring i Tanzania som før måtte gå 4 timar dagleg etter vatn, synte med fryd korleis det er å opne ein vasskrane heime. Ei jente i Libanon viste deira frodige frukthage der det for 4-5 år sia var tørr og livlaus ørken.

Treng også frivillige

Konfirmantane er bøsseberarar - ei viktig tenesteoppgåve dette året. Heimane skaffar skyss. Kyrkjesokna er inndelt i praktiske «roder» der jobben er jamnt fordelt. Men mange plassar er det så få konfirmantar at sokneråda no oppfordrar frivillige vaksne om å hjelpe til. 

– Har venta!

Fredag 15. mars arrangerer kyrkja informasjonsmøte på Surnadal vidaregåande skule - med filmsnuttar og ein skikkeleg «pep-talk». Sjølve dør-til-dør-aksjonen skjer altså tysdagen etter, 19. mars, frå klokka 17 og utover. Folk kan gi kontantar i bøssene, nytte vipps (2426) eller eventuelt annan betalingsmåte.

Håpet er også denne gong at innsamlarane blir møtt på den positive måten dei ofte opplever: 

- Så bra at de kjem. Vi har venta på dykk!

Powered by Labrador CMS