![Ola Bruset, konfirmant Selma og KN-kontakt Anita Talgø er klare for innsats i Todalen Mann, dame og jente med innsamlimgsbøsser i kirken](https://image.trollheimsporten.no/278066.webp?imageId=278066&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
Fastetid og innsamling
Tysdag 19. mars får heimane besøk av konfirmantar og andre med fastebøsser! Alle sokn førebur no storinnsats for Kirkens Nødhjelp.
Fredag kveld 15. mars er det «pep-talk». Da held lokalkyrkja inspirasjonstreff på Surnadal vidaregåande.
Her deltek konfirmantane, heimane og dei ansvarlege i sokna. Ein viser litt av behovet for nødhjelp og - ikkje minst: At innsatsen gir resultat.
![Prest (no prost) Vidar Wilhelmsen Rygh med pep-talk til 2023-konfirmantane i fjor.](https://image.trollheimsporten.no/278072.webp?imageId=278072&width=960&height=548&format=jpg)
I Surnadal vart det i fjor samla inn over 130.000 kroner. Konkret er dette «å faste for sin neste» - med reell sikring av liv i område som treng nødhjelp.
800 milionar menneske i verda manglar skikkeleg vatn. Difor har vassforsyning høg prioritet. Men Kirkens Nødhjelp yter alltid innsats der det trengst mest.
![Konfirmant Jarle har bøssa klar – her flankert av Bernt Bøe (Åsskard), Møyfrid Torvik Røkkum (Stangvik) og Liv Marit Polden (Øye-Ranes 3 menn og en dame med innsamlingsbøsser](https://image.trollheimsporten.no/278070.webp?imageId=278070&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=692&format=jpg)
Somme bygder har i år få konfirmantar til å gå med bøsser. Difor har sokna ei klår oppfordring til deg som vil gjera nødhjelpinnsats eit par kveldstimar komande tysdag:
- Sei JA viss du blir spurt om å delta i ein kjapp og effektiv dør-til-dør-aksjon!