Bispevisitas i Rindal

Biskopen helsar kyrkjelyden
Biskop Herborg Oline Finnset helsar kyrkjelyden

Frå Domen til kapellet

Denne veka er det bispevisitas i Rindal. Mandag morgon var det gudsteneste i Øvre Rindal kapell der biskop Herborg Oline Finnset med følge deltok, etter at biskopen i går hadde vigslingsgudsteneste i Nidarosdomen.

Publisert Sist oppdatert
Lene Gåsvatn ed alteret i Øvre Rindal kapell
Sokneprest Lene Gåsvatn leda gudstenesta som var den første samlinga under bispevisitasen
Koret i Øvre Rindal kapell
Øvre Rindal kapell

Sokneprest Lene Gåsvatn leda denne gudstenesta og hadde preika. Ho hadde vore i lag med biskopen tidlegare da begge gjorde teneste i Hammerfest. 

Preika til Lene prest:
Investere seg sjølv og eiga tru.

Investering handlar om verdiar. Når investering blir nytta som bilete i kyrkja, handlar det om evige verdiar som me har funne og som me formidlar vidare. Det går faktisk an for ein forkynnar å investere både seg sjølv og eiga tru i det som blir formidla. Faktisk fungerer det best når så er tilfelle.

Som ein del av visitasen, skal biskopen høyre soknepresten forkynne.

Slik vart preika i Øvre Rindal kapell måndag føremiddag. Teksta er lesetekst for sundagen før, Såmannssundag.

 

Rom 10, 13-17

Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.

Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner? Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende?

Som det står skrive: Kor vakre dei er, føtene til dei som kjem med gledebod!

Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår? Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

Slik lyder Herrens ord.

 

Eg gløymer aldri beskrivelsen av ein gamal prest i Hallingdal, ein beskrivelse eg høyrde midt på 80-talet – og eg siterer etter hukommelsen: «Han er så gamal. Han er så tørr. Han er så forferdeleg kjedeleg. Preikene hans er ikkje dagsaktuelle i det heile teke. Det var berre grusomt.

Men så byrja eg å høyre etter. Og eg lytta så eg skjønte det: Under den preikestolen kan folk koma og høyre alt dei treng å vita for å bli frelst.»

Eg veit ikkje kvifor eg aldri gløymde det. Det kan vera fordi eg treng ein tanke å trøyste meg med når eg også føler meg som den gamle og tørre presten som har gått ut på dato.

For det er så mykje som kjem seg an på presten. I meste laget set den pensjonerte biskopen Halvor Nordhaug heile presten på spissen når han skriv at det knapt nok er nokon andre som i kraft av tradisjon og posisjon har ei tilsvarande mogelegheit til å få livet i menigheita til å blomstre eller leggjast øyde.

Biskop Herborg får gjerne eit visst inntrykk av kva veg det har gått her i Rindal sidan kallet vart mitt for snart 15 år sidan.

Menigheitsliv som blomstrar eller blir lagt øde – det var i meste laget sett på spissen. For kva med den gamle, tørre presten i Hallingdal – blomstra det ikkje etter han?

Og kva med alle som gjer så godt dei kan og meir enn det – blomstrar det ikkje etter dei?

Eg veit ikkje. Ikkje alle spørsmål har svar.

Ei dame i Danmark har forska på kva som sit att i folk etter ei preike. Og eg trur ikkje danskane er så ulike oss.

Det ho fann ut, var at når kyrkjegjengarane vart spurt om preika berre ein time etter, så skildra dei inntrykket sitt av predikanten. For ikkje å gjera det rotete, brukar eg det personlege pronomenet han i fortsettelsen:

- Kjentes han ekte?

- Snakka han frå hjarta?

- Verka det som om presten sjølv trudde på det han bar fram?

Det som altså låg fremst i bevisstheita ein time etter å ha høyrt ei preike, var korleis dei opplevde han som forkynte.

Men det er håp: Ein prest som investerer seg sjølv og si eiga tru i preika inviterer lyttarane sine til å gjera det same. Investere seg sjølv og eiga tru.

I den grad nokon leiter etter såkalla tekstlikheit, kan de få ein ledetråd: Asle Finnseth i magasinet Strek nummer 4 av 2023. Med all respekt for kjeldene.

Han som sat og høyrde knusktørre preiker i Hallingdal kan forbli anonym, men nokon kan gjerne bli beroliga av å høyre at han vart misjonær – ein som ifølge teksta me høyrde hadde vakre føter som fòr med gledesbod.

Eg kjenner på at avsnittet eg las ifrå Romarane 10 gjev oss alle – meg sjølv inklusive – mot til å halde på. Ikkje berre mot, forresten, men også energi. Motivasjon. Fordi Paulus skriv så direkte om kor viktig forkynnelsen er, kor nødvendig og eksistensielt ordet er, - det er bodskapen som teller.

Ja, me må gjerne forkynne med truverdigheit og venlegheit.

Folk flest er nå slik laga at me blir meir mottakelege og positivt innstilt til dei som ser oss, som tek oss på alvor, som me føler på at vil oss vel.

Å opptre slik Paulus oppfordrar til i Efesarbrevet 4 er berre fint: Han ber dei – og oss – om å vera trufaste mot sanninga i kjærleik.

Tydeleg nok skriv Paulus om samanhengen mellom å høyre og tru. Og dermed må me også sjå stort på gjerninga det er å forkynne – uansett om preikestolen måtte vera i kyrkja eller på Menighetshuset, på Sykehjemmet eller i andre kontaktflater me alle har: Der me møter folk, kan me forkynne. Om så på butikken eller på facebook.

Kva har me så å forkynne? Eg trur ikkje me kjem unna det som er ekte av engasjement og velvilje for alt ut over det som er vårt eige.

Nokon treng å kjenne varme og engasjemt – at varmen frå ein som er glad i deg tenner stjerner i mørkaste natt.

Og så veit me eigentleg kven det er som tente stjerna fyrste gongen og som fekk stjernene til å lyse frå våre blikk: Han som kalla oss alle til å vitne der me er. Slik at ordet om Jesus blir høyrt så fleire kan kalle på han. Og bli frelst.

Så får alt sin sum og konklusjon i han som sjølv er grunnlaget for alt som heiter tru og frelse. Alle som kallar på han, skal bli frelst.

Alle. Absolutt alle. Det er berre om å gjera at dei får mogelegheit til å høyre der dei er – om det så er innanfor eller utanfor desse dørane.

Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen i Øvre Rindal kapell
Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen i Øvre Rindal kapell

Biskop Herborg Oline Finnset hadde orda "Se, og bli sett" som overskrift på helsinga si. 

- Ein biskop skal ikkje vere bisk, sa ho, med tanke på innhaldet i visitasen utover i veka.
Denne veka vil ho sjå folket her, bedømme og snakke om vegen vidare oppsummert slik:
- kvar er vi
- kvar vil vi
- kva gjer vi

Kyrkja vil vise oss Gud fleire gonger denne veka. Det blir gudsteneste på sjukeheimen, songkveld i kyrkja og visitasgudsteneste på søndag. Vidare blir det samtalar med tilsette, skolebesøk og bedriftsbesøk. 

Biskopen minte om at Gud er ein gud som ser oss.
- "Se og bli sett," det er visitas, sa biskopen.

Bilde av forsamlinga i kapellet
Mange møtte på den første samlinga under bispevisitasen



Powered by Labrador CMS