Kunstveka 2022:

Frå venstre Lars Skrøvseth, Maja Frønes og Lilli Husby frå Kallastiftelsen, kunstnar Brit Dyrnes og Sissel Halset Storseltt fra Surnadal kunstforening

Folkeleg kunstveke

Førstkommande helg dreg delar av kunstmiljøet i Surnadal i gang arrangementet Kunstveka. Då får publikum møte med profesjonelle kunstnarar, så vel som amatører, på ulike stader i kommunen. Målet er å gi ein presentasjon av kunstlivet i Surnadal, seier primus motor Lars Skrøvseth.

Publisert Sist oppdatert

Vi har eit bra kunstliv i Surnadal, men det er ofte ei utfordring å nå ut til det store publikummet, sier Lars Skrøvseth. Når gode krefter slår seg saman, kan ein forhåpentligvis nå ut til ei breiare spekter av befolkninga. Vi vil lage eit folkeleg opplegg, og håpar at vi har fått til ein spanande meny. Sjå plakat nederst på sida.

Med seg på laget har han Brit Dyrnes, Surnadal Billag samt Kallastua og Surnadal kunstforening og Sparebank1 Nordmøre

Bilete med fart i og verkstedbesøk

Kustveka strekkjer seg over tre dagar, og startar torsdag kveld med offisiell opning i foajeen på Kulturhuset med mellom anna musikalsk innslag med utøvarar frå operaen i Kristiansund. Ved opninga vil òg Surnadal kunstforening presentere minneutstilling over den svenske målaren Kåre Henriksson, som døyde i desember i fjor. Henriksson hadde sterke band til Noreg både gjennom Kunstakademiet i Bergen og i Trondheim. Henriksson har òg tidlegare stilt ut i Surnadal. Han har bakgrunn som teiknar og grafikar, og publikum blir presentert for fargerike bilete.

-Det er mykje fart i bileta hans, seier Sissel Halset Storslett frå Surnadal kunstforening

Programmet torsdag fortset med besøk på Kvenna Kunstverksted, der keramikeren Brit Dyrnes har halde til i 3 år. Dyrnes er ein anerkjent kunstnar med utdanning både fra Trondheim og Stuttgart. Frå 1985 har hun utført 40 offentlige utsmykkingar. Brit er tildelt fleire priser og har hatt fleire styre- og lederverv. Ho arbeider hovudsakeleg med leire, også med leire fra Stangvika og sand frå lokale fjell.

På Kvanne Kunstverkted vil ho fortelje om prosessen med tilverkinga, inspirasjon, utforsking, og vi vil få sjå både ferdige arbeider og ting som er under produksjon.

Popup og fargerikt frå Nordmarka

Fredag kveld besøker Odd Ingar Skrøvseth, kunstnar og nevø av Kalla Skrøvseth, Kallastua med måleri med motiv frå lokal natur. Temaet er kunst og kultur fra Nordmarka. Med seg har Skrøvseth Jon Østbø, Øyvind Holte, Kjell Ulf Lund og Nils Røv.

-Det blir lova ein noget fargerik kultur- og historiekveld, smiler Lars Skrøvseth.

Laurdag klokka 12 er det klart for popup-utstilling i Kunstforeninga sin regi. Alle som har arbeider dei har lyst til å vise fram, og eventuelt selge, kan møte opp på sparket, eller melde seg på til kunstforeninga på førehand på med surnadal.kunstforening@gmail.com. Arrangørane legg til ein viss grad til rette, men utstillarane tek ansvar for eigen kunst, og skal vere til stades dei tre timane utstillinga varer.

-Plana var å ha utstillinga nede ved elvamelen i svartvassområdet, sier Lars Skrøvseth. Elva spelar ei viktig rolle i Surnadal, så vi skulle gjerne hatt den som ramme for utstillinga. Men no ser det ut som om det blir på Kulturhuset i staden. Vermeldingane er dessverre ikkje så gode, så det blir nok best å halde til innandørs.

E 39 og pub på Billaget

Ved sida av kunstnarar med lokal tilknyting, så kjem desse; Jeremy Welsh, Anne Karin Furnunes, Hilde Tørdal, Bård Tørdal, Tine Aamodt, Ingunn Brevold, Anna Carin Hedberg, Ebba Moi, Annika Simonsson, Lars Erik Svensson, Cecilie Nissen og Alexander Rishaug og vår eigen Jon Arne Mogstad til Surnadal Billag. Utstillinga på Surnadal Billag er kalla «E39, mellom kunst og folk», og den er støtta av Norsk Kulturråd.

Jeremy Welsh har hatt ei avgjerande betyding for utviklinga av videokunst i Norge. Han har også stilt ut over heile verda. Anne Karin Furuset er ei internasjonal «stjerne», Cecilie Nissen er både kunstnar og kurator og har gjort ein heit utrolig jobb med å etablere Kristiansand Kunsthall. Men alle utstillarane, inklusive verten sjølv, er framifrå kunstnarar og mange har hatt sentrale verv i norsk kunstnarliv.

Laurdag kveld er det Grande finale og Surnadal Billag opnar dørene for ei spektakulær utstilling; «E39, mellom kunst og folk» med dei tidligare nemnt kunstnarane, som alle vil være tilstade.

Deretter inviterer Surnadal Billag til pubkveld som avslutning av Kunstveka 2022

Powered by Labrador CMS