LESERINNLEGG:
Simpelt tjuveri
Det meste kan stelast. Så òg joletreet vårt. Det var fleire enn oss som hadde sett at det var sjeldan fint. Sakte hadde det grodd, der det stod like ved ein skogsveg nedanfor garden. Så det var både tett og jamnt.
Me hadde tenkt å spara det eit par år til. Tjuven kom oss i forkjøpet. Går ein på skogstur med sag, kjem ikkje joletreet vårt bort som ved eit uhell. Tjuveri av tre har me sett spor etter før òg, men aldri så frekt som i år. Igrunn er alt tjuveri frekt, og det å stela er å stela uansett om det blir oppdaga eller ikkje.
Kva gjer slikt med oss? Me er triste over å sjå spor etter tjuvar i skogen, at det ikkje går an å få ha så mykje som eit joletre i fred. Me er lei oss for at det finst folk som ikkje unnar oss å behalde det som er vårt.
Og me lurer på: Kva glede finst der i eit tre som er stole? Tydeleg nok går det an å stela seg eit fint tre, men kva glede eller endå til velsignelse kan folk ha av å ha eit stole joletre i stova?
Eg er stygt redd for at denne episoden er trist for fleire enn oss. Og tjuven vil venteleg sjå det sjølv: Eit fint joletre er det enkelt å stela. Men gleda over å ha det i huset, den vart borte for deg før du fann fram saga den dagen like før snøen kom og skjulte spora etter deg. Tjuvgodset blir ikkje finare om ein pyntar det med lys og englar.