LESERINNLEGG:

Når Gunhild Stordalen vil bli bonde

Gunhild Stordalen skiltar med at ho vil bli bonde frå 2030. Det er flott! Fleire bønder trengst dersom vi skal oppretthalde og helst auke matproduksjonen vår. Ho treng likevel ikkje laga ein motsetnad mellom det å dyrke meir grønt, som ho sjølv vil, og det å drive med husdyrhald.

Vi treng nemleg ikkje sette vegetabilsk opp mot animalsk. Plantedyrking og husdyrhald heng saman: Når husdyra omgjer planter som vi menneske ikkje kan eta til næringsrik mat til oss, bidreg dei òg med gjødsel som fører til god vekst på planter som vi faktisk kan eta. Kanskje gjødsel som Stordalen vil bruke når ho blir bonde.

Stordalen skriv i eit svar til meg at «Utfordringen er med andre ord ikke å få folk til å spise mer kjøtt, men mer grønt». Dette er eit døme på at ho og eg har kome i skade for å snakke forbi kvarandre.

Eg har peikt på at bodskapen om å eta mindre kjøtt kan forvirre folk veldig. I verste fall blir folk redde for å eta det vi nordmenn har overlevd på og blitt sterke av gjennom generasjonar. Eit endra kosthald på bakgrunn av feil råd, vil dessutan føre til at det norske kulturlandskapet veks att.

Dette kulturlandskapet er grunnlaget for at vi kan oppretthalde eit livbergande husdyrhald - og heilt nødvendig matproduksjon - i eit kaldt, bratt og vått land som Norge. Her har vi små moglegheiter til å dyrke proteinhaldige plantevekster til menneskeføde. Det kokar ned til dette: å sørge for at nordmenn har nok høgverdig protein.

Eg har altså aldri sagt at målet er å få folk til å eta meir kjøtt. Eg prøver berre å forklare Stordalen at det norske kosthaldet må vera basert på dei ressursane vi har tilgjengeleg. Då må det innehalde kjøtt, fisk, egg og mjølk. Slik opprettheld vi landbruk i heile landet, og såleis ein sjølvforsyningsgrad som er til å leva med. Dette er særleg viktig i framtidige kriser og krigar der import blir vanskeleg eller umogleg.

Vi har lite dyrkbart areal her til lands, berre 3 prosent av det totale arealet. 2/3 av dette igjen er nesten utelukkande eigna til husdyrhald. Vi kan svært gjerne eta meir frukt, grønt og bær og stimulere til meir norsk produksjon av dette. Men reduserer vi husdyrhaldet mykje, overlever vi ikkje som folk.

Sidan vi menneske ikkje kan eta gras eller beite i utmark, er det ei velsigning for oss at kua, sauen og geita kan gjera dette. Dei omdannar graset til kjøtt og mjølk som vi kan overleva på. Samtidig understrekar eg at visse typar husdyrhald er eit stort problem både for klimaet og for dyrehelsa. Ser vi til utlandet, finn vi ekstremt store innhegningar med kjøttfe som lever omtrent berre på kraftfôr. Dette er det all grunn til å problematisere og kjempe mot. Men norske bønder må ikkje hengast ut for uheldige driftsformer andre stader i verda.

Ein tredel av landbruksarealet er eigna til å dyrke særleg korn, men også enkelte grønsaker, frukt og bær. Det er viktig å auke sjølvforsyninga på dette. Men kvaliteten på kornavlingane varierer mykje frå år til år. Det beste kornet blir ete direkte av oss menneske, men store delar blir ikkje etterspurt som menneskemat. Då hjelper husdyra oss med å omgjera desse delane av kornavlingane til næringsrikt kjøtt, egg og mjølk.

Det er bra at husdyra slik gjer det mogleg for kornbonden å oppretthalde lønsemda og redusere risikoen, ved at det blir sikra avsetning på kornet. Eg trur også Stordalen kan sjå at dette er positivt. Og vi er heilt einige om at det viktige arbeidet med å redusere klimagassutslepp må halde fram i alle næringar, også landbruket.

Det er upresist når Stordalen seier at vi ikkje treng å la «maten» gå gjennom ein dyrekropp før vi et den. Det er rekna på at nesten 86% av alt fôr til husdyra i verda ikkje er eigna til menneskemat. I eit gras- og beiteland som Norge vil husdyra alltid vera svært viktige. Det er krevande å dyrke varmekjære vekster som avokado, banan og bønner her, men gras og eng er det rikeleg av. Den ressursen må vi sjølvsagt halde fram med å bruke.

Dei fleste vil ha godt av eit meir variert kosthald. Det er opplagt viktig å oppmuntre til større inntak av frukt og grønt, og det er flott om Stordalen vil dyrke slikt sjølv i framtida. Det er likevel heilt unødvendig av ho å laga ein motsetnad mellom grøntdyrking og husdyrhald. I Norge må vi sjølvsagt også tenkje sjølvforsyning og matsikkerheit - og produsere den maten som er mogleg med dei ressursane og den naturen vi har.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Næringskomiteen

Powered by Labrador CMS