Nytt frå Møre og Romsdal fylkeskommune:

Håkon Fredriksen (f.v.), Roald Boge, Iren Sæterbø og Magne Løfaldli..

Innveno får støtte til nytt prosjekt - Vil produsere dyrefôr av tre

Utviklingsselskapet Innveno i Surnadal vil finne ut om produksjon av protein frå trevirke kan bli lokal industri. No får dei tilskot frå Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, og frå Surnadal kommune.

Publisert Sist oppdatert

30. november gjorde utvalet vedtak om å gi tilskot på nær 250.000 kr til Innveno AS for prosjektet More Greenwood, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine nettsider. Formannskapet i Surnadal kommune har gjeve tilsvarande beløp til prosjektet.

Innveno AS er eit utviklingsselskap for gründerar, industri og næringsliv, og i dette prosjektet skal dei undersøke om det er potensial for å produsere protein med utgangspunkt i lokalt trevirke. Med ny prosessteknologi skal cellulose i tre brytast ned til sukker, som deretter er næring for sopp, og det er soppen som til slutt blir foredla til protein. Dette proteinet kan brukast i dyrefôr, og vil kunne erstatte bruk av importert soya.

Prosjektet skal mellom anna utforme teknisk løysing for eit pilotanlegg i Surnadal. I den politiske saka står det at dersom prosjektet lukkast, "har vi eit råstoff i skogen som veks år for år, produksjon og prosessering kan gje lokale arbeidsplassar og sluttproduktet fyller eit stort og veksande behov hos andre viktige næringar i regionen".

Prosjektet vil kunne vere særleg viktig for oppdrettsnæringa, som treng nye og berekraftige proteinkjelder.

Powered by Labrador CMS