Solveig Haglund.
Solveig Haglund.

Solveig vann prestisjetung pris

Solveig Haglund og garden Oppistua Øye er regional vinnar av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2021 for Møre og Romsdal, melder Innovasjon Norge i ei pressemelding.

Til Trollheimsporten seier Solveig Haglund at ho takkar for prisen og merksemda, som ho audmjukt deler med alle gode hjelparar og dei som dagleg jobbar for ei grøn natur- og klimavenleg framtid.

Frå pressemeldinga:

Regional vinnar av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2021 for Møre og Romsdal er garden Oppistua Øye. Gjennom systematisk arbeid har ho steg for steg utvikla gardsdrifta si med grøntproduksjon og tenestetilbodet Inn på Tunet.

Solveig Haglund driv garden Oppistua Øye, som ligg flott og solrikt til nær Skei i Surnadal kommune. I Oppistua vert det dyrka økologisk gras, poteter, grønnsaker, urter, frukt, bær og blomster. Dei leverer produkt til restaurantar og butikkar, og privatpersoner kan bestille og få tilkjørt ei kasse med sesongens varer.

Vinnaren Solveig Haglund fekk prisen frå juryleiar Helge Gjerde.
Vinnaren Solveig Haglund fekk prisen frå juryleiar Helge Gjerde.

Inn på Tunet

Sidan 2007 har det vore tilbud om Inn På Tunet-tenester på garden. Solveig Haglund har i dag allmenpedagogisk tilbod til barneskule, mellom anna skulehage og elevbedrift. Ho tilbyr også aktivitetstilbud på dagtid for heimebuande personar med demens. Garden tilbyr i tillegg kurs, omvisning, servering og ulike aktivitetar knytt til hageanlegget.

Solveig Haglund har hatt eit etablert og godt samarbeid med Surnadal kommune over lang tid. Frå 2012 har Solveig tilbydd dagaktivitetstilbud for heimebunade personar med demens. I 2020 vart det lovpålagt for kommunane å ha eit slikt Inn på tunet-tilbod. Surnadal kommune valgte då å fortsette det gode samarbeidet med Solveig Haglund.

I perioden 2010-2017 hadde garden også tilbod om kost- og treningveiledning gjennom avtale med kommunen sin Frisklivssentral.

Bredde i produksjon og tilbud

- Solveig Haglund har bygd opp ei breidde i jordbruksproduksjon og tenestetilbod slik at det i sum dannar grunnlag for ei berekraftig og lønnsam drift. Dessutan deler ho sin kunnskap og erfaringar med andre. På denne måten er ho også ein viktig ressurs for andre nyetablerarar i ein tidleg fase, seier juryleder og leiar for Innovasjon Norge i Møre og Romsdal, Helge Gjerde.

- Solveig er nytenkande og kreativ og gjennom samarbeid med andre utviklar og styrkar ho sitt eige tenestetilbud.Vi gratulerer Solveig Haglund med landbruket sin bedriftsutviklingspris i Møre Romsdal for 2021, avsluttar Gjerde.

Fakta om Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

Innovasjon Norge deler hvert år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag fra Landbruks- og matdepartementet.

Det er en bedrifts- og næringsutviklingspris for de som har etablert en vellykket bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressurser.

Hvert år blir det kåret en vinner i hvert fylke som får 50 000 kroner.

De fylkesvise vinnerne kjemper deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.

Utdeling av den nasjonale BU-prisen er planlagt under Grune Woche i Berlin medio januar 2022.